Før Avspark

AaFK - Sogndal, Color Line Stadion, Avspark laurdag klokka 15.30

Me er klare for årets sjette serierunde. Karane har teke seg nokre mil nordover, til nabofylket, og me er klare for eit klassisk vestlandsderby: Aalesund - Sogndal.

Det har vore mange møter mellom Tangotrøyene og oss, og sist me møtte dei i offisiell kamp, stakk heimelaget av med sigeren i kvalikkampen i fjor haust. Då me møtte Lars Bohinen sine menn til treningskamp i vinter, enda det 0-0.

Sist helg gjekk me på eit stygt tap heime, med 1-3 mot Raufoss. Karane reiste seg deretter i cupkampen mot Stryn på onsdag, då dei vann 5-0 og spesielt kjekt var det at Ole Amund Sveen skåra to av måla.

So langt har me hatt ein trang start på seriespelet. Me håpar at små justeringar får oss opp att på hesten og at me kan ta fatt på poengjakta. 

Runden
Me tjuvstartar denne runden i morgon, resten av kampane går på søndag.

Aalesund - Sogndal kl. 15.30 på laurdag

Sandefjord - Nest-Sotra kl. 15.00
HamKam - Sandnes Ulf kl. 18.00
KFUM Oslo - Jerv kl. 18.00
Raufoss - Kongsvinger kl. 18.00
Start - Strømmen kl. 18.00
Tromsdalen - Notodden  kl. 18.00
Ull/Kisa - Skeid 18.00

Vêrmeldinga
Etter nokre utruleg flotte veker der mange av oss sprada rundt i kortbrok og sandalar, innhenta vêrgudane oss med eit smell i dag. Her i Ålebyen vakna folk opp til snøkav, og gradene ligg nokså lågt på skalaen. På YR fortel meldinga oss at det blir overskya, rundt 7 grader og frisk bris under kampen. Nokså friskt, med andre ord.

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me har veldig lyst til å sjå deg på Color Line Stadion. Karane er ivrige etter å retta skuta på stø kurs, og me ser fram mot ein kjekk laurdag i lag med våre trufaste støttespelarar.

Kjøp billett til kampen her

6.runde av OBOS-ligaen 2019

AaFK - Sogndal
Avspark laurdag klokka 15.30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: