Før Avspark

Kongsvinger - Sogndal, Gjemselund, Laurdag klokka 18:00

Me er i siste halvdel av november og seriespelet er avslutta. Tradisjonen tru: Me er i kvalifiseringsspel, første hinder i år er Kongsvinger borte.

Årets sesong har vore ein berg- og dalbane. Før seriestarten herska ein stor optimisme: I år er året. Nokre veker etter stod det 3-0 på lystavla på Jessheim Stadion, og me hadde ikkje spelt ein halvtime av kampen eingong. Ytterpunktet kom nokre veker etter det igjen, då me regelrett ga Sandefjord rundjuling på Komplett Arena i Kvalfangarbyen - 3-0 og me såg ut som eit Eliteserielag.

Sidan har det vore gode kampar, mindre gode kampar, skrekkelege kampar og veldig gode kampar. No har karane kvilt og lada batteria inn mot kvalifiseringsspelet. Me er klare!

Det såg nesten ut til at det ikkje skulle bli nokon kvalik i år. Stillinga mot KFUM var 1-0 til heimelaget, me var på overtid, og resultata i dei andre kampane gjekk ikkje i vår favør. Men so skåra HamKam på overtid av overtida på Briskeby og sendte Nest-Sotra ned på 7. plassen medan me rykka ein plass opp.

I år har me spelt mot dei Raude to gonger. På Gjemselund fekk me det tøft i varmen og gjekk på eit tungt 3-0 tap.



Me slo tilbake og vann 2-1 i returoppgjeret på Fosshaugane i august.




I morgon er det rein cup. Vinn, eller forsvinn. Me går for den første varianten!

Her er våre fem siste kampar:
Sandnes Ulf - Sogndal 0-1
Sogndal - Jerv 4-0
Raufoss - Sogndal 1-1
Sogndal - HamKam 3-0
KFUM - Sogndal 1-0

Her er Kongsvinger sine fem siste kampar:
Kongsvinger - Sandefjord 2-3
Kongsvinger - HamKam 2-1
KFUM - Kongsvinger 0-1
Kongsvinger - Sandnes Ulf 1-2
Jerv - Kongsvinger 0-2

Som me kan sjå er det to lag som har levert nokså like resultat i det siste - dette blir nervepirrande, jamnt og spennande!

Me håpar at mange tek turen og støttar karane i kampen om opprykk. Kjøp billetten din her

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: