Før Avspark

Mjøndalen - Sogndal, Isachsen Stadion laurdag klokka 15.30

Då er me framme ved den tredje runden av årets OBOS-liga, og me tjuvstartar runden borte mot Vegard Hansen sitt Mjøndalen på Isachsen Stadion. Avspark er klokka 15.30

Karane var skuffa etter kampen mot Tromsdalen på sundag. No er det slik at fotballkampar raskt blir historie, og i morgon stiller me med blanke ark og ein gjeng som er klare til å gje bånn gass.

Me snakka med Eirik Bakke etter treninga i går.


 

Runden

Me kan sjå fram til desse spennande oppgjera i runde 3:

Laurdag
Mjøndalen - Sogndal kl. 15.30

Sundag
Aalesund - Florø kl.15.00
Sandnes Ulf - Levanger kl. 18.00
Notodden - Nest Sotra kl. 18.00
Tromsdalen - Viking kl. 18.00
Kongsvinger - Jerv kl. 18.00
Ull/Kisa - Strømmen Ulf kl. 18.00
Åsane - HamKam kl. 18.00
 
For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå VG Live

Vêrmeldinga
Endeleg har me fått eit snev av vår her på berget, og austafor har dei også hatt nokre flotte dagar. 

På Isachsen Stadion skal me få strålande vårsol og opp mot tolv grader i skuggen. Det blir ein flott dag for fotball i Mjøndalen.

Les meir om Mjøndalen her

Mjøndalen - Sogndal 
Isachsen Stadion
Avspark laurdag klokka 15.30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: