Før Avspark

Sandefjord - Sogndal, Komplett Arena, Avspark klokka 20.00

OBOS-ligaen 2019 rullar vidare, me er allereie i juni og klare for runde 10 av årets seriespel.

Karane tok seg over fjellet i går. Ved ankomst Sandefjord vart det ei lett treningsøkt på dagens kamparena, før kvelden gjekk med til Champions League-finalen. I dag har vanlege kampførebuingar stått på programmet.

Me skal møta formlaget og kanskje det beste laget i årets OBOS-liga i dag. Det blir ein tøff oppgåve mot eit lag beståande av mange gode fotballspelarar. Karane må opp mot sitt aller beste om me skal få noko med oss heim, men det er ein optimistisk gjeng som er klare for oppgåva.

Runden
Det er den 10. serierunden av årets OBOS-liga, og den tjuvstarta i går i Sandnes, då Kongsvinger tok tre poeng og byksa opp på tabellen. Her er rundens kampar:

Sandnes Ulf - Kongsvinger 1-2 (Spelt laurdag)

Aalesund - Ull/kisa kl. 18.00
HamKam - Jerv kl. 18.00
KFUM Oslo - Notodden kl. 18.00
Nest-Sotra - Strømmen kl. 18.00
Raufoss - Tromsdalen kl. 18.00
Start - Skeid kl. 18.00
 
Sandefjord - Sogndal kl. 20.00

Vêrmeldinga
Det har vore flott sommarvêr på Austlandet i dag, men på Yr står det at det skal skya til og vera litt småregn inn mot kampen. Gradene skal vera rundt 12-talet.

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me treng vår tolvte mann i dag, og vil bli veldig glade om me ser deg på Komplett Arena! Ta turen og støtt karane i kampen om dei viktige poenga. 

Billett til kampen kan du kjøpa her

10. serierunde i OBOS-ligaen 2019

Sandefjord - Sogndal
Komplett Arena
Avspark kl. 20.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: