Før Avspark

Sogndal - Sandnes Ulf, Fosshaugane Campus, sundag klokka 18.00

Mai har ofte vore ein travel, men god månad for oss. No er den her, bjørka har fått grønskjæret og me er klare til ny fotballfest på Fosshaugane Campus. 

I morgon går den 6. runden av årets OBOS-liga, me har heimekamp og får besøk av vår gamle kjenning Sandnes Ulf.

Me har ei hendelsesrik veke bak oss. Sist helg tok me med oss tre poeng på bussen heim frå Notodden, var heimom og vaska draktsettet og sette kursen for Bergen. Der rauk me ut mot 3. divisjonsklubben Fyllingsdalen i cupen, etter å ha spelt i 120 minutt. Når me i tillegg fekk Per Magnus Steiring ute med skulderskade, var ikkje dette den kjekkaste byturen me har hatt.

Då var det mykje kjekkare at me kunne ynskje ein gammal ven velkomen heimatt til Saftbygdi på torsdag. Evigunge Kjetil Wæhler blir med oss ut sesongen, og me snakka med 42-åringen etter treninga i går.


Me gler oss til å sjå Kjetil på bana i kvitedrakta.

Runde 6 går slik: 

HamKam - Strømmen (laurdag) 3-2

Aalesund - Mjøndalen sundag klokka 15.00

Resten av kampane går sundag klokka 18.00:
Florø - Ull/Kisa
Jerv - Åsane
Nest-Sotra - Levanger
Sogndal - Sandnes Ulf
Tromsdalen - Kongsvinger
Viking - Notodden

Statistikk OBOS-ligaen 2018

Eirik Schulze skal spela mot gamleklubben i morgon, og det gler han seg til.




Me får ein interessant trenarduell i morgon. Eirik Bakke og Bengt Sæternes kjenner kvarandre veldig godt etter å ha spelt i lag i Brann, og gjennom dei siste tre åra der dei har teke trenarutdanning i lag.

Vêrmeldinga
I morgon går me for Yr sine prognosar, då dei seier at me kan venta oss sol og 13 grader. Storm melder regn, og det vil me ikkje ha noko av.

Billett til kampen kan du kjøpa her

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Aalesund Aalesund 5 4 1 0 13 2 11 13
2 Viking Viking 5 4 0 1 13 6 7 12
3 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 5 3 2 0 6 3 3 11
4 Notodden Notodden 5 3 1 1 10 6 4 10
5 Sogndal Sogndal 5 2 3 0 7 2 5 9
6 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 5 2 2 1 11 8 3 8
7 Mjøndalen Mjøndalen 5 1 4 0 3 1 2 7
8 Åsane Åsane 5 2 1 2 7 10 -3 7
9 Strømmen Strømmen 6 2 0 4 11 9 2 6
10 HamKam HamKam 6 1 3 2 9 11 -2 6
11 Levanger Levanger 5 1 1 3 6 10 -4 4
12 Florø Florø 5 1 1 3 4 12 -8 4
13 Jerv Jerv 4 0 3 1 1 3 -2 3
14 Nest-Sotra Nest-Sotra 5 1 0 4 6 12 -6 3
15 Kongsvinger Kongsvinger 5 1 0 4 4 10 -6 3
16 Tromsdalen Tromsdalen 4 0 2 2 1 7 -6 2

Annonse fra Obos-ligaen: