Før Avspark

Sogndal - Tromsdalen, Fosshaugane Campus - sundag klokka 18.00

Me er klare for årets første seriekamp på flotte Fosshaugane Campus!

I morgon klokka 18.00 brakar det laust, og motstandar er Tromsdalen.

Me har ei hektisk, og litt spesiell, veke bak oss.

Først gjørde karane ein solid jobb under seriepremieren på Color Line Stadion i 0-0 kampen mot Aalesund. Me hadde ikkje eingong fått vaska draktene før banas bestemann og vår kaptein, Even Hovland, signerte for Rosenborg BK på overgangsvindauget sitt aller siste dag. 

Det er klart at det å mista kapteinen og klippa på laget slik, ikkje er bra på kort sikt. Men, er det noko me kan og har gjort fleire gonger, så er det å la våre beste gå vidare til større klubbar, og det med ein vissheit om at det alltid er nokon som då løftar seg og tek grep for laget. Om ei stund skal me sjå tilbake og sjå kven som gjorde det denne gong.

Allereie på torsdag var det business as usual på Fosshaugane Campus, med fokuset retta inn mot kampen mot Tromsdalen. Stemninga i gruppa er god, og karane er fokuserte foran morgondagens kamp.

Ulrik Flo møtte Tromsdalen med Fredrikstad to gonger i fjor. I morgon kan han få sitt comeback i kvitedrakta på heimebane, og han har ein beskjed til publikum:

- Kom på kamp og støtt gutta!


Runden

Me kan sjå fram til desse spennande oppgjera:

Sundag
Levanger - Aalesund kl.15.00
Strømmen - Åsane kl. 17.00
Florø - Kongsvinger kl. 18.00
HamKam - Notodden kl. 18.00
Jerv - UllKisa kl. 18.00
Nest Sotra - Sandnes Ulf kl. 18.00
Sogndal - Tromsdalen kl. 18.00

Tysdag
Viking - Mjøndalen kl. 19.00

Tromsdalen fekk utsatt sin første kamp mot Jerv sist helg grunna snøen der i nord, og er nok ivrige på å koma i gong med sesongen.

Me byr inn til fest for første gong i år, og Driftsgjengen og Administrasjonen har stått på heile veka for at publikum skal få ei fin oppleving i morgon.

Me snakka med trenar Eirik Bakke etter dagens trening. 


For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå VG Live

Vêrmeldinga
Våren let venta på seg, men at han kjem luskande snart, er sikkert.

På Fosshaugane Campus er det meldt 4-5 varmegrader under kampen. I tillegg er det fare for regn. Tek du turen, lyt du vurdera å finna fram sokkabrok, hue og vottar.

I SogndalBui har Marie masse godsaker til bra prisar. Sving innom der før kamp!

Billettar til kampen kjøpast her

Les meir om Tromsdalen her

Sogndal - Tromsdalen 
Fosshaugane Campus
Avspark sundag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: