Før Avspark

Sogndal - KFUM Oslo, Fosshaugane, Avspark klokka 15.30

Me er klare for den 7. runden av OBOS-ligaen 2019. I dag skal me stifta bekjentskap med eit lag me aldri tidlegare har møtt - KFUM Oslo.

KFUM er ein nokså ung klubb, som sakte men sikkert har jobba seg opp i norsk toppfotball. Dei var oppe i OBOS-ligaen og lukta på det i 2016, og rykka opp att til årets sesong.

På laget er ein kar med tre kampar i kvitedrakta, Kristian Brix. Han var her på Fosshaugane i 2008. Elles ser me at Daniel Fredheim Holm er ein del av Oslo-laget, som så langt har hatt ein bra start på sesongen og står med tre strake sigrar. Sist valsa dei over Jerv og slo Grimstad-laget heile 5-0. Det er altså ein motstandar det luktar litt svidd av i dag, og no må karane på med arbeidshanskane.

Runden
Me skriv allereie den 7. serierunden av årets OBOS-liga, og den består av desse kampane:

Sogndal - KFUM Oslo i dag kl.15.30

I morgon:
Strømmen - Aalesund kl. 15.00
Jerv - Ull/Kisa kl. 18.00
Kongsvinger - Tromsdalen kl. 18.00
Nest-Sotra - Start kl. 18.00
Notodden - HamKam kl. 18.00
Sandnes Ulf - Sandefjord kl. 18.00
Skeid - Raufoss kl. 18.00

Vêrmeldinga
Det er overskya i den vakre bygda vår i dag. Temperaturen er ikkje spesielt høg, difor lyt ein kle seg i varme kle i Svart og Kvitt i dag. Yr fortel oss at det skal bli rundt 8 grader under kampen, og at det er fare for regn.

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me har veldig lyst til å sjå deg på Fosshaugane i dag! No treng me støtta meir enn nokon gong, og i lag med publikum skal me snu trenden slik at alle kan gå heim i dag med gode smil rundt munnen.

Billett til kampen kan du kjøpa her

7.runde av OBOS-ligaen 2019

Sogndal - KFUM Oslo
Fosshaugane
Avspark klokka 15.30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: