Før Avspark

Sogndal - Florø, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 15.00

Det er klart for den 20. runden av OBOS-ligaen 2018. Når dagens kampar er spelt, har me allereie gjort unna 2/3 av årets sesong.

I dag er det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer på Fosshaugane Campus! Me tek i mot Florø, for ein fotballfest me har i vente!

Slik gjekk det då me møtte dei i juli på Florø Stadion.


Runden
Me tjuvstartar denne runden med kampstart 15.00. Slik går kampane:

Sogndal - Florø kl. 15.00

Jerv - Sandnes Ulf kl. 18.00
Kongsvinger - Notodden kl. 18.00
Nest-Sotra - HamKam kl. 18.00
Tromsdalen - Aalesund kl. 18.00
Ull/Kisa - Levanger kl. 18.00
Viking - Strømmen kl. 18.00

Tysdag
Mjøndalen - Åsane kl. 19.00

For alt av statistikk, sjå Altomfotball

IMG_0616

Etter ei lang rekkje utan tap, møtte me tilslutt veggen mot Strømmen på tysdag tidlegare i veka. Me har lagt den kampen bak oss, og det er ein revansjesugen gjeng som i dag klør etter å retta opp inntrykket.

Me snakka med Joachim Soltvedt etter treninga i går.





Eirik Bakke kan melda at det er glede og entusiasme i gruppa.

Vêrmeldinga
Etter at me vart heilt bortskjemte med sol og sydentemperaturar i vekesvis tidlegare i sommar, er me no inne i ein periode med kjøligare og meir regnfullt vêr. Under kampen i dag kan Yr melda at me får sol, litt skyer og temperaturar rundt 16 grader, og det lagar ei flott ramme rundt kampen.

Billettar
Det kan meldast om god pågang i BillettBui, og det er plass til fleire på denne fylkesthrilleren av ein fotballkamp. Me håpar på bra trøkk og mykje leven frå Saftkokaradn, Stimen, og alle som kjem på kamp. 

Har du ikkje billett til fotballfesten, kjøper du den her.

SogndalBui
Manglar du skjerf, trøye eller flagg? Ein caps? Sving innom SogndalBui før kampen, der er det mykje flott!

Sogndal - Jerv 2018 Saftkokaradn Foto Rune Sjøberg
Me gler oss til kamp!

Dagens kamptropp kjem klokka 13.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 14.00. 

Sogndal - Florø
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15.00 

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: