Før Avspark

Strømmen - Sogndal, Strømmen Stadion, Avspark klokka 19.00

Me er klare for den siste kampen i runde 19 av OBOS-ligaen 2018, og me legg turen til Skedsmo og Espen Olsen sitt Strømmen.

Slik gjekk rundens øvrige kampar:
Notodden - Ull/Kisa 5-3
Florø - Aalesund 1-4
HamKam - Kongsvinger 3-1
Nest-Sotra - Jerv 2-2
Sandnes Ulf - Mjøndalen 0-2
Åsane - Viking 1-2
Levanger - Tromsdalen 1-2

For alt av statistikk, sjå Altomfotball

Slik gjekk det då me møtte Strømmen heime på Fosshaugane.


Me får eit gjensyn med Victor Grodås i dag. Han er på eit lag som ligg i akutt poengnød, og dei kjem til å kjempa med nebb og klør.

Me får óg eit gjensyn med ein kar som har vore lenge ute med skade. Markus Brændsrød kom til Sogndal nettopp frå Strømmen i fjor og han får eit møte med gamle lagkameratar. Me snakka med han etter treninga i går.





Sixten Jensen er klar til kamp.

Er du ikkje på kampen, kan du følgja kvart spark på Firdaliven!



Eirik Bakke ser fram til eit nytt møte med Espen Olsen og Strømmen.

Vérmeldinga
Me får eit lite gløtt av sommaren att under kampen, med lettskya og sol og rundt 20 grader. Perfekt for fotball.

Saftkokaradn StrømmenB 2010 Foto - Rune Sjøberg
I 2010 kom denne fine gjengen til Strømmen Stadion - me håpar mange tek turen i dag! (Foto: Rune Sjøberg)

Me kjem med dagens kamptropp klokka 17.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 18.00. 

Strømmen - Sogndal
Strømmen Stadion
Avspark klokka 19.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: