Før Avspark

Sandnes Ulf - Sogndal, Sandnes Stadion, Avspark klokka 18.00

Me er klare for den 26. serierunden av årets OBOS-liga. I dag skal me spela i sykkelbyen Sandnes for aller siste gong på Sandnes Stadion. Den nye arenaen til dei lyesblå er snart ferdigstilt, det blir eit flott anlegg.

Karane kom til Nordjæren i går etter ein flott busstur i vakker oktobersol. No førebur dei seg til kampen i kveld. 

Det er ein revansjesugen gjeng som i kveld skal utpå graset på Sandnes Stadion. Det har butta i mot i det siste, me har både fått kjeft og oppmuntrande ord. Det bur mykje bra i gjengen, i dag skal Sandnes Ulf få merka det.

Det hadde vore voldsomt kjekt om sogningane som bur her nede kom og støtta karane i dag! No treng me støtta di!

Haustjaget har starta. Det er spenning både i topp og i botn av tabellen - og midt på! Det er skikkeleg tett i årets OBOS-liga. Me skal kjempa hardt for dei tre viktige poenga i dag!

I dag møter me eit heimelag som kan variera eindel i prestasjon. Me har hatt eindel vanskelege kampar i Sandnes, men i dag skal me ta dei. Me gler oss!

Runden
Runde 26 tjuvstarta i går med ein maktdemonstrasjon på Sørlandet. Jerv hadde invitert til hyggeleg nabokos, men Start var nådelause og slutta ikkje før dei hadde putta sju ballar i garnet til heimelaget, som måtte ta til takke med ei skåring.

Slik går kampane:
Jerv - Start 1-7 (spelt laurdag)
HamKam - Skeid kl. 15:00
KFUM Oslo - Tromsdalen kl. 15:00
Strømmen - Nest-Sotra kl15:00
Aalesund - Raufoss kl. 18:00
Kongsvinger - Sandefjord kl. 18:00
Notodden - Ull/Kisa kl:18:00
Sandnes Ulf - Sogndal kl. 18:00

Tabellen før denne runden ser slik ut.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Aalesund Aalesund 30 25 4 1 67 25 42 79 V V V V V
2 Sandefjord Fotball Sandefjord Fotball 30 19 8 3 53 30 23 65 T V V V V
3 Start Start 30 19 5 6 54 31 23 62 V V V T U
4 KFUM KFUM 30 13 9 8 58 42 16 48 T V V V T
5 Kongsvinger Kongsvinger 30 14 4 12 38 36 2 46 T V V T V
6 Sogndal Sogndal 30 13 6 11 51 39 12 45 T T V U V
7 Nest-Sotra Nest-Sotra 30 14 6 10 43 31 12 44 T T V V V
8 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 30 11 6 13 47 47 0 39 V T T V U
9 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 11 5 14 46 49 -3 38 V V T T T
10 HamKam HamKam 30 11 5 14 43 47 -4 38 V T T T V
11 Raufoss Raufoss 30 12 2 16 47 59 -12 38 T T U T T
12 Jerv Jerv 30 8 9 13 34 54 -20 33 T T T T T
13 Strømmen Strømmen 30 7 10 13 32 46 -14 30 T V V T U
14 Notodden Notodden 30 6 7 17 35 53 -18 25 T U U T U
15 Skeid Skeid 30 4 10 16 38 54 -16 22 V U T T T
16 Tromsdalen Tromsdalen 30 3 4 23 36 79 -43 13 T V U T U

Vêrmeldinga
Det er haust, men her i Sandnes er det alldeles strålande vêr i dag med sol og heilt blå himmel. Under kampen blir det sol, rundt ni grader ved kampstart og litt flau vind. Ikkje so gale til å vera oktober, altså.

Kom på kamp!
Me håpar at mange av sogningane i Rogaland tek turen og støttar karane i kampen om dei viktige poenga. Det betyr veldig mykje for gutane når dei ser at det står mange i Svart og Kvitt på bortefeltet. 

Runde 26, OBOS-ligaen 2019
Sandnes Ulf - Sogndal
Sandnes Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: