Før Avspark

Tromsdalen - Sogndal, TUIL Arena, Avspark kl. 12.00

Me er allereie framme ved runde 29 av årets OBOS-liga, og i dag skal me spela vår siste bortekamp i seriespelet. Me er klare for kampen Tromsdalen - Sogndal.

Då me møtte dei i april, var det nordlendingane som kom best i gong. Tidleg i kampen skåra dei eit strålande mål der kula smalt inn i vinkelen bak Mathias Dyngeland. I andre omgang kunne det fort ha blitt 0-2, då dei skaut i tverra, men berre få minutt før slutt skåra Eirik Schulze på ei heading etter innlegg av Joachim Soltvedt.



Med til Tromsø er to frå juniorlaget som gjekk vidare til semifinalen i NM på Tysdag. Eivind Helgesen og Adrian Solberg har jobba godt gjennom heile sesongen med Sogndal2, og no fortener dei å få smaka litt på det med tur i lag med A-laget. Klikk her for å sjå dagens kamptropp.

Me har snakka med Eirik Bakke før kampen.


Runden
Sjølv om helgas kampar ikkje er spesielt avgjerande for vår plassering på tabellen, gjeld det å halda trøkket oppe slik at me har med oss godkjensla inn i kvalikkampane som kjem.

For resten av laga, bortsett frå Levanger og oss, er runden veldig spennande. Me kan få to nye lag klare til Eliteserien 2019 i dag på Isachsen Stadion! Ved siger til Viking og tap for AaFK kan både Viking og Mjøndalen spretta champagnen i dag. Mange av laga har fortsatt sjansen til å få kvalikkampar, og i botn er det berre avgjort at Levanger tek turen ned neste år.

Dagens kampprogram er slik, alle kampane startar klokka 12.00:
Mjøndalen - Viking
Aalesund - Levanger
Kongsvinger - Nest-Sotra
Notodden - Florø
Sandnes Ulf - HamKam
Tromsdalen - Sogndal
Ull/Kisa - Jerv
Åsane - Strømmen

Slik er tabellen før nest siste serierunde

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Levanger Levanger 3 2 1 0 8 2 6 7 U V V
2 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
3 Moss Moss 3 2 0 1 5 6 -1 6 V T V
4 Sogndal Sogndal 3 1 2 0 5 3 2 5 U V U
5 Kongsvinger Kongsvinger 3 1 2 0 6 5 1 5 V U U
6 Egersund Egersund 2 1 1 0 7 6 1 4 V U
7 Lyn Lyn 3 1 1 1 4 4 0 4 T U V
8 Vålerenga Vålerenga 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
8 Aalesund Aalesund 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
10 Ranheim TF Ranheim TF 3 1 0 2 5 5 0 3 T V T
11 Bryne Bryne 3 1 0 2 3 3 0 3 V T T
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 3 1 0 2 6 7 -1 3 T T V
13 Åsane Åsane 2 0 2 0 3 3 0 2 U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Raufoss Raufoss 3 0 1 2 2 5 -3 1 U T T
16 Start Start 3 0 1 2 3 7 -4 1 T T U


Vêrmeldinga
I dag fortel Yr oss at det skal vera nokså guffent på TUIL Arena under kampen. Det kjem eindel regn, og det skal blåsa opptil liten kuling. Sidan me er i Oluf sitt rike (bana ligg i Arthur Arntzens veg), er det på med BF'en, ull- og regnkle. Karane får varta opp med spel som varmar, sidan dei 8-9 gradene som er meldt kan følast nokså kalde.

Vår tolvte mann!
Den flotte gjengen frå Voss/Vik/Jølster er på plass! Me er utruleg glade for at dei er med oss uansett om me er på Strømmen, i Stavanger, heime på Fosshaugane eller kor som helst i landet, og som Eirik Bakke seier i intervjuet over så er dei utruleg viktige for karane utpå bana.

Me håpar at også andre sogningar i området tek turen og støttar oss, slik at Salbu og kompani slepper å stå der åleine. Billett til kampen kjøpast på stadion.

Me legg ut laget omlag ein time før kampstart.

Tromsdalen - Sogndal
TUIL Arena
Avspark klokka 12.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: