Forsvarskjempen Wæhler

Mannen som nekta å legge fotballskoa på hylla har vist seg å vere ei viktig brikke i Bakke sin tropp. Ein fighter av dei sjeldne.

Ei lang og innhaldsrik fotballkarriere var eigentleg ved vegs ende for Kjetil Wæhler i 2016. Så ville tilfeldigheitane det annleis. Sogndal, som hadde gjort gode førebuingar før sesongsstart, hamna i ei skadekrise av dei sjeldne. Når det då tikka inn i ei tekstmelding til fotballpensjonisten frå Eirik Bakke, kribla det litt ekstra i gamle fotballføtter. Dei trong forsterkningar i laget, og Kjetil hadde halde seg i god fysisk form. Han trong litt tenkjetid, og litt rådføring med familien før han tok endeleg avgjersle. 

Kva har vore høgdepunktet i karriera?

Nei, det har jo vore ei lang karriere. Vart mellom anna seriemeister med Vålerenga i 2005, og cupmeister med same lag i 2008. Det å få spela landskampar og attpåtil få gullklokka for 25 spelte kampar var ein fin milepæl. Har også vore med på å vinna cupfinalar både i Sverige og Danmark. Det som manglar er kanskje å spela Champions League, men eg får heller sjå tilbake på dei gode minna enn det som ikkje vart.

Kva gjev godkjensla på bana?

Ingenting er betre enn å få tre poeng, halda nullen og levere gode prestasjonar. Som forsvarsspelar er dette noko av det viktigaste. I tillegg må jo resten av laget fungera utpå matta.

Det er alltid enklare å gå inn i ei ny treningsveke og sjå fram mot ny kamp når me leverar slik.

wæhler41
41 år og 41 på trøya. Her med sportsleg leiar Håvard Flo. Foto: Rune Sjøberg


Laget trong forsterkningar inn mot ein snuoperasjon når du kom til Sogndal. Korleis var dette for deg?

Det som var positivt for min del etter at eg kom inn i laget var at me plukka ein del poeng. I forhold til at det er krev av meg sjølv og andre, så var det viktig. Eg ville vera med å gjera ein skilnad. Fotballen går jo opp og ned, men det hadde vore mykje tøffare om me då ikkje hadde plukka poeng.

No er du eldst på laget. Gjev det deg i slags farsrolle?

Nei, ein merkar ikkje så stor skilnad på alder i ei fotballgruppe. Me smeltar litt i hop både i forhold til alder og humor. Også jobbar me mot same mål Eg merkar likevel at alderen min og erfaringa mi på fotballbana gjev respekt. Det går på ein måte begge vegar. Eg har respekt for den spelargruppa eg kom inn i, og er veldig nøgd med stallen me har.

Saftkokarhelsing VikingH 2017 Foto - Toril Walker Norheim (4)
Fyrste kampen i Sogndalstrøya. 4-0 mot Viking heime. Foto: Toril Walker Norheim

Kven er du; på og utanfor bana?

Eg er to vidt forskjellige personar eigentleg. Stille og roleg fyr utanfor bana. Prøver å gjere dei riktige førebuingane til neste treningsøkt, treningsveke og kamp. Eg merkar jo alderen og det skal meir til for å vere klar. Difor står eigenpleie og kvile høgt oppe på prioriteringslista. I treningssituasjonar og på kamp er det kontrollert galskap, slik det handlar om. Trening og kamp er mine element.

Korleis er fotballkvardagen din her i Sogndal?

For meg er det litt spesielt. Familien er att i Oslo, så eg får god tid til å pleie kroppen. Eg la jo opp, og deretter gjorde comeback, så slik sett er det perfekte tilhøve her. Litt egoliv, men det må kanskje til viss du skal prestere i denne alderen. Med all den tida eg har i kvardagen, så er det ingen unnskuldning for å ikkje gje alt.

Kjetil Wæhler

  • Alder: 41

  • Vaks opp i: Oslo

  • Kampar for Sogndal: 13

  • Posisjon: Forsvar

  • Draktnummer: 41

Annonse fra Obos-ligaen: