Forsvarsspelar med fart

Ein målscorande venstreback med ambisjonar. Dette er Ole Martin Rindarøy.

Rindarøy er oppvaksen i Molde, spelte fotball for moderklubben Gossen IL i starten, og gjekk til Molde frå han var 12 år. Når han var nitten gjekk han på utlån til Start eitt år, kom tilbake til Molde, og gjekk ut att på utlån til Lillestrøm i januar. Etter eitt halvt år tilbake i Molde gjekk Ole Martin på utlån til Sogndal der han er no.

Aukraværingen har scora tre flotte mål på dei siste seks kampane. Han jobbar hardt på bana, og dette er svært viktige bidrag for laget i kampen om Eliteserieplass i 2018.

Korleis var det å koma til Sogndal?

Eg kjente Markus Dahlen Brændsrød og Bjørn Inge Utvik frå før. Så vart eg også fort kjend med Soltvedt. Så eg trives godt.

Ole Martin H Ingvild Fridtun
OIe Martin scora mot Vålerenga. Foto: Ingvild Fridtun

Kva tenkjer du om haustsesongen?

Nei, me har vore litt uheldige. Spesielt i slutten av kampar, slik at me ikkje har fått med oss poenga. Eg føler me har prestert bra og at gutane har bra trøkk.

Kven er du?

Eg trur eg er ein som er god ven med alle.

Ole Martin Rindarøy RanheimH 2017 Foto - Toril Walker Norheim
Ole Martin mottek gratulasjonar etter kamp. Foto: Toril Walker Norheim


Har du nokre mål for karriera vidare?

Ja, eg har lyst til utlandet på sikt. Det trur eg alle fotballspelarar som er oppvaksne og spelar i Noreg har lyst til.

Har du nokre fritidsinteresser utanom fotballen?

Eg driv ikkje med noko spesielt. Playstation, viss du kan kalle det ein hobby; det blir det ein del av.

Ole Martin Rindarøy

  • Alder: 22

  • Vaks opp i: Aukra

  • Kampar for Sogndal: 7

  • Posisjon: Forsvar

  • Draktnummer: 14

Annonse fra Obos-ligaen: