Fotball, liv og røre

Sogndal: Eat Move Sleep Cup 21-22.oktober

Denne helga var Campus fylt med mange unge og ivrige fotballspelarar. Frå tidleg på morgonen til seint på kvelden var det liv og røre og då helga var over kunne ein sjå mange slitne, men fornøgde fotballspelarar.

Spelarar mellom 6 og 12 år var med på Eat Move Sleep Cup som blei arrangert i helga. Sogndal Fotball er Eat Move Sleep-ambassadør i år og cupen blei arrangert i samarbeid med NFF og Bama. Helga blei avslutta med kampen mellom Sogndal og Sarpsborg 08.


4 gutar som hadde ei kjekk fotballhelg var Thomas, Kristian, Sondre og Anders frå Bjørn IL. På tribuna heier dei på vener frå same klubb. Sjølv har dei også spelt kampar, som endte i siger og uavgjort. Kristian er klar på kva han meiner er det kjekkast med helga: - Å få spele kampar og skåre mål! Dei andre kan ikkje vere meir einige . Helga hadde nettopp begynt for dei og fleire kampar stod at. - Vi må spele fleire pasningar, var rådet til Thomas. Intervjuet blei brått avbroten då Bjørn IL kom nærme motstandar målet.

Landslagatrenar Frode Grodås på besøk
Landslagskeepertrenar Frode Grodås var å finne rundt omkring på Campus. Det blei til og med arrangert keeperskule i lag med Terje Skjeldestad. Grodås er ambassadør for Eat Move Sleep og veit sjølv kor viktig det er å ha fokus på akkurat dette.

- Kroppen vår er skapt for bevegelse og alle har lyst å ta vare på den og leve så godt og sunt som mogleg. Då er det avgjerande at vi beveg oss, tenke på kor mykje vi sover og kva mat vi får i oss. Under cupen så har vi lyst å få litt meir bevistgjering rundt dette og vise at ein gjennom små grep kan gjere forandringar som faktisk får oss til å føle oss betre, fortel Grodås.

Annonse fra Obos-ligaen: