Full fres med fotballskule

Kring 80 born skaper liv og røre i Sognahallen denne veka. Les, sjå og høyr kva dei driv med:

Samarbeidet mellom Noregs Fotballforbund og Tine kan i år feira 20 års-jubileum. Det dreier seg om sportsleg kvalitet, trygge rammer og sunt kosthald.

Sjå film frå dagen nedst i artikkelen

Denne veka er det kring 80 ungar som deltek på Tine Fotballskule. Spelarane er mellom sju og elleve år gamle.

Sju grupper med born spelar fotball så det ljomar i Sognahallen. Instruktørane er med i spelet, instruerer og held orden på alle saman. - Skal eg eller du ta innkastet? spør instruktør Eivind Helgesen. - Eg! lyder det kontant frå ein gut i blå vest.

Marius Kloster, ansvarleg for årets fotballskule, seier at Tine Fotballskule skal gje tilbod om ei aktiv ferieveke med mykje fotball og idrettsglede. Her byggjer borna kameratskap og nye sosiale relasjonar. Fotballskulen skal også skape auka interesse for fotball og aktivitet.

Dei yngste borna har enklare øvingar enn dei større. Smålagsspel, leik og fleire pausar pregar også aktiviteten deira. Det er dermed ikkje sagt at det manglar energi og engasjement her.

Det er godt med pause for små bein. Då passar det bra å heie på andre lag (grupper). Heia Brann og heia Real Madrid ropar smågutane iherdig.

I stad spelte dei Premier League, no har dei avansert til VM. Fotballen blir spelt med stor innleving. Dei feirar mål, ropar høgt «skade» når nokon ligg nede, jublar når dei vinn, og er tilsynelatande like gode kameratar etterpå.

Media spør Marius om korleis han får ungane til å høyra på han? Nei, det er ungar med mykje energi og dei er spontane. Å få alle til å høyra etter er ei ganske umogleg oppgåve. Det hjelper å ha noko å lokka med, slik som sjokolademjølk og A-laget.

Borna ser opp til A-laget. Det er viktig at dei får rollemodellar og heltar i eiga bygd. Difor er Branndrakt ulovleg her, kun Sogndalsdrakt (og Vikingdrakt), avsluttar Kloster.

Foto: Toril Walker Norheim

Film: Ingvild Fridtun og Youri van der Werde


Annonse fra Obos-ligaen: