Fullsett næringslivsseminar på Fosshaugane

Smil, latter og seriøsitet – tysdag 14. februar var næringslivet i regionen samla på Fosshaugane Campus.

I samarbeid med Sparebanken Vest samla Sogndal Fotball næringslivet til seminar på Fosshaugane Campus. Tema var ledelse og på programmet venta tre sterke damer; Hanne Kristin Rohde, Trine Lerum og Sigrid Henjum. Over 120 deltakarar frå bedrifter i Sogn og Fjordane hadde tatt turen, og let seg imponere og inspirere av føredragshaldarane. Dei tre damene bydde på mange konkrekte tips og kom med personlege historia på korleis dei har lukkast som gode leiarar.

Geir Henning Høyheim frå Sparebanken Vest ynskjer velkomen til næringslivsseminar
Geir Henning Høyheim frå Sparebanken Vest ynskjer velkomen til næringslivsseminar

Trekkplasteret til seminaret, Hanne Kristin Rohde, var i Saftbygda for fyrste gang og var særs imponert både av bygd og kultur.

- Eg visste ikkje mykje om Sogndal og Fosshaugane frå før av, men mitt inntrykk av campus er at smile er viktig, eigenverdet er i fokus og det at alle skal bli sett. Dette er musikk i mine øyrer, fortel Rohde.

Rohde fekk sjølvsagt den obligatoriske omvisinga på Campus og vart introdusert for næringslivet som er lokalisert her.

- Eg kjenner at eg får lyst til å kome tilbake, det er noko med miljøet her, noko i atmosfæren her som gjer at folk føler seg veldig velkomne, seier Rohde.

Artikkelen held fram under videoen.


Frå lunsj og utover ettermiddag delte føredragshaldarane eigne opplevingar og kom med gode tips til eit særs lydhøyrt publikum.

- Dette har vore ein veldig interessant dag med et veldig matnyttig tema. Føredraghaldarande kom med svært konkrete og nyttige tips ein kan ta med seg vidare. Det er også utruleg fint at slike seminar vert arrangert her i region så slepp ein reise så langt, fortel Marte Turid Håland i frå Flåm Camping.

Trine L. Hjellhaug.jpg
Trine Lerum Hjellhaug er engasjert som alltid
Ynskjer du å delta på neste næringslivsseminar?
Følg med på Sogndalfotball.com og følg oss på Facebook.

Næringslivsseminaret er eit av nettverkssamlingar Sogndal Fotball har arrangert dei siste åra.

- Eg er stolt over at me kan tilby våre partnarar og næringslivet i region denne type arrangement. Me er avhengige av at bedriftene i regionen vår har vekst og då er samhandling og utvikling viktige stikkord. Næringslivsseminarer me arrangere håper me kan bidra til  økt kompetanse og samhandling mellom bedrifter og næringer, seier marknadssjef Stine Lilloe-Olsen i Sogndal Fotball. 

- Sogndal Fotball ynskjer å bidra til at Fosshaugane Campus er ein god møteplass for bedrifter, og vil halde fram med å invitere inn til næringslivsseminar. I dag hadde med leiing på programmet, og framover ynskjer Sogndal Fotball, avsluttar Lilloe-Olsen.

Oppsummeringsfilm:


Annonse fra Obos-ligaen: