Geir inn i trenarteamet

Geir Stenehjem blir keepertrenar for A-laget

Sogndal Fotball og Geir Stenehjem er samde om ein avtale som går ut 2018. Geir går no inn i trenarteamet, der han har fokus på keeperane i klubben.

- Det er fantastisk at eg får denne sjansen, og det er veldig kjekt at Eirik Bakke og Terje Skjeldestad syner meg denne tilliten, seier ein glad Geir Stenehjem.

Engasjert og engasjerande: Geir Stenehjem
Engasjert og engasjerande: Geir Stenehjem

Dalaguten har alltid vore oppteken av fotball. Som keeper spelte han på aldersbestemte lag og fram til sisteskanse på Sogndal 2. Han drog så til Florø og spelte der to sesongar før han returnerte til Sogn.

Geir har sidan han var gut vore med på Terje Skjeldestad Keeperskule, først som spelar, og dei siste åra som instruktør.

I 2016 vart han ein del av trenarteamet til Kaupanger Damelag, der han fortsatt er med som keepertrenaransvarleg. I fjor vår vart han med litt under keepertreningane til A-laget, mest for å observera og læra, og sidan har han vore med meir og meir. Han er engasjert i NFF Sogn og Fjordane som keepertrenaransvarleg i kretsen.

- Geir har potensiale til å bli ein veldig god keepertrenar, seier mentor og læremeister Terje. 

- Han er ivrig og engasjert, og han er engasjerande for keeperane. Ingen møter betre førebudd til trening enn Geir, og han er ein kjekke gut som veit kva han vil. Han kan nå langt i rolla som keepertrenar, seier Terje.

Mathias Lønne Dyngeland er også full av lovord om sin nye trenar.

- Eg opplever Geir som dedikert til oppgåva, og han er allereie ein veldig dyktig keepertrenar. Han er god som samtalepartner og har glidd veldig godt inn i keepergruppa, seier Mathias, som ser at Geir har ein veldig spennande framtid keepertrenar.

I sommar skal Geir ta til på nytt trenarkurs i regi av NFF: Keepertrenar A-lisens. Dette er nest høgaste nivå i keepertrenarutdanninga og skal gi deltakarane kunnskap og kompetanse for å trene keeperar på høgt nivå. 

IMG_0823
Flott keepergruppe: Kristian, Kjetil, Geir og Mathias

Annonse fra Obos-ligaen: