Gilbert med hattrick

Me slo Viking 4-0 på Fosshaugane

Det vart 4-0 mot Viking etter ein overbevisande oppvisning der me var nærare både fem og seks enn Viking redusering.


Det starta med eit smell. Før folk hadde fått satt seg ned på plassane sine, sendte keeper Lønne Dyngeland avgårde ein presis ball langt opp på Viking sin banehalvdel. Der var Gilbert Koomson, og han parkerte nokre Viking-spelarar før han klinka ballen i garnet bak Iven Austbø. På klokka stod det 0:37, tidenes raskaste Sogndal-skåring på dette nivået.

Gilbert herja denne kvelden, og fekk 8 på børsen i VG.

Lynvingen stod óg bak 2-0, der han snurra rundt med svimle siddiser so lenge han ville, tenkte at nei no får det vera nok, og limte ballen i krysset med venstrefoten. Reporter Hjønnevåg huka tak i ein audmjuk Gilbert etter kampslutt.




Me hadde fleire sjansar og kunne fort hatt større leiing enn desse to til pause.

I 2. omgang kom ein nedtur då Victor Grodås måtte ut med noko som ser ut som ein skade i menisken i kneet. Victor var i form, og dette er veldig trist for både han og laget. Inn kom ein gamal rev; Espen Næss Lund, som gjorde comeback i kvitedrakta etter tre år i Kristiansund.




Martin Ramsland var tilbake etter skaden han fekk i Oslo, og herja med Viking-forsvaret. Etter 68 minutt vart han lagt i bakken i feltet, straffespark. Den ekspederte Gilbert sikkert i nota. 3-0 og hattrick.

Martin avslutta skåringsfesten med 4-0, då han sikkert satte ballen bak Austbø då han kom åleine med han like før slutt.

Me hadde to debutantar på bana i går. Eldstemann spelte heile kampen, og Kjetil Wæhler gjorde ein strålande kamp. 41-åringen såg ut som ein dreven veteran taktisk, og ein ungfole fysisk. Fantastisk å ha ein slik spelar i laget. Yngstemann er berre 15 år og fødd i 2001. Eivind Helgesen fekk eit minutt på tampen, og det er nok ikkje det siste me ser til den karen i åra som kjem. Me tok ein prat med Kjetil etter debuten.


Trenar Eirik Bakke var naturleg nok veldig stolt over gutta sine etter kampen.


Les om kampen i Sogn Avis
Sogn Avis: Koomson scora Sogndal sitt raskaste mål på toppnivå
Referat Firda Live 

Kampstatistikk
VG Live Eliteserien 2017

Annonse fra Obos-ligaen: