Gjorde reint bord i Hamar

Flinke jenter på cup

Sogndal jenter 2006 reiste til Hamar for å delta på Maxi turneringa. Laget består av elleve jenter som likar å spele fotball og har det kjekt ilag.

Første kamp var jentene litt trøytte i første omgang og fekk litt mål i mot. Vakna i  andre omgang og fekk til godt spel. Mange på skoringslista og godt lagspel. 8-4 seier mot Brane IL.

Andre kamp mot Freidig vart ein rein parademarsj. Glimrande spel og full kontroll. Stengene fekk køyrt seg og keeper hadde mange redningar. Likevel vant Sogndal 8-0. Freidig fekk aldri til spelet sitt og Sogndal hadde full kontroll heile kampen.

Andre dag i gang på Maxi turneringa. Kamp grytidleg mot Lommedalen IL. Jentene var fokusert og innsats som i andre kampen i går. Knusande 10-1 seier og mange som fekk mål. God start på dagen.

Siste kamp var mot Ringebu-Fåvang FK. Her slo jentene til med fantastisk spel  og 11-0 siger. 

Helsing 

Steinar Atle Selseng

Lagleiar og trenar

Annonse fra Obos-ligaen: