God debut av Eivind

Eivind Helgesen med frå start då Norge G18 slo Slovakia 3-1 i kveld.

Dei siste månadane har vore spesielle og kjekke for Eivind Helgesen. Før jul vart han både Noregs- og Skandinavisk meister med Sogndal sitt G19-lag. Etter jul fekk han proffkontrakt med A-laget.

Guten som har gått gradene frå barnefotball i Sogndal, nådde ein ny milepøl i dag, då han debuterte med flagget på brystet.

Eivind og dei norske gutane spelte ein god kamp, og vann fullt fortent 3-1 mot Slovakia. Eivind spelte 70 minutt av kampen.

Les om kampen, og kva trenar Paco sa om den her

Her er eit fotogalleri frå debutkampen til Eivind (alle foto: Rune Sjøberg)
.

G18-landslaget spelar ny kamp på søndag, då er Polen motstandar.

Annonse fra Obos-ligaen: