- Godt å vera tilbake!

Kjetil Wæhler gler seg til ein ny runde med Sogndal

I fjor kom Kjetil Wæhler inn i troppen då den eine midtstopparen etter den andre vart skada, og fotballpensjonisten gjorde sakene sine so bra at han vart kåra til årets spelar i Sogn Avis.

No er den evigunge Oslo-guten å finna på treningsfeltet att. 42 år er han vorten, men det er berre hårfargen som fortel oss at han kunne vore faren til dei fleste av lagkompisane. Kjetil framstår som like gjennomtrent som i fjor. Og, som han seier i intervjuet under: Eitt år klokare.


Veteranen har halde formen vedlike gjennom vinteren med mange turar på tredemølla, eigentrening og fotball med kompisar. Hunden Milo på sju månadar har nok óg fått sine turar i lag med matfar.

No gjeld det å få tilbake kjensla på storebanespel, og å koma inn i rytmen i lag med lagkameratane. Kjetil er ein rutinert travar, so dette vil nok gå ganske kjapt.

- Det er viktig at me ikkje dett ned på eit OBOS-liga nivå, seier han kjapt når me spør om kva som må til for at årets sesong skal bli ein opptur.

- Sogndal høyrer heime i Eliteserien, og me må halda trøkket oppe og visa at me er eit betre lag enn dei fleste andre i divisjonen, seier Kjetil, og legg til at han har likt det han har sett so langt i år.

- Det har vore ein bra start, med god intensitet i kampane.

Som dreven veteran får Kjetil ei spesiell rolle i gruppa.

- Det er ei ung gruppe, og eg må inn og ta tak og bidra med min erfaring og rutine. Me må dra lasset i lag.

Me gler oss til å sjå Kjetil i aksjon på bana att!

Annonse fra Obos-ligaen: