Gratulerer Margrethe Svidal

Svidal vart tildelt NFF Honorært Leiarstipend på Kretstinget i Førde

Eldsjelene er navet i fotballen, og det er viktig å sette pris på alle dei som ofrar tid og krefter for at barn,unge og vaksne skal ha god aktivitet i lokalmiljøet.

På Kretstinget vart verdige vinnarar tildelt prisar og heidersteikn for sitt store engasjement på spelar, klubb og/eller kretsnivå. 

Vår eigen Margrete Svidal var tildelt NFF Honorært Leiarstipend.

Grunngjeving Margrethe Svidal

Jølsterjenta gjorde sogndøl av seg då ho starta å studere i 1988. Ho vart tidleg involvert i fotballmiljøet i bygda. Sitt første formelle verv var i 1994 då ho vart kasserar for FK Fjøra. Året etter vart ho styreleiar – eit verv ho hadde fram til 1998.

I 2004, like før den store Campus-utbygginga, kom ho med i styret til Sogndal Fotball. Etter nokre år vart ho nestleiar i styret, eit verv ho har framleis.

Ho har nærmast vore klubben sin faste delegat på fotballtinget, og då fotballtinget delegerte avgjerslene i konkurransereglementet frå tinget til ein ny konkurransekomite, vart ho valt som toppfotballen sin representant der. Eit verv ho også framleis har.

Vedkommande sit også i styra til Sognahallen AS og i Idrettssenteret AS på vegner av idretten.

Ho er ein aktiv styremedlem og nestleiar. Ho er tydeleg på at alle skal bli behandla rettferdig og at idretten er tufta på sunne verdiar og dugnad. Med sine ulike verv og aktive rolle har ho vore ein viktig premissleverandør for utviklinga av miljøet på Fosshaugane dei siste 10-12 åra.

Vedkommande sitt leiarskap er å gå framom og alltid vere ein del av laget. Sidan Campus stod klar i 2006 har ho styrt og organisert VIP-serveringa og dugnadsgjengen der – ho er altså ingen typisk VIP-gjest.

Vi må også nemne at ho er fotball- og idrettsinteressert langt over snittet. Ho er fast gjest når skisirkuset startar på Beitostølen kvar haust og får alltid med seg minst ein landskamp på bortebane i løpet av året. Ho er svært sosial, lide av det vi kallar lakeskrekk og har eit stort nettverk i fotballen i heile landet.

Margrete Svidal er alltid tilgjengeleg både i jobb, privat og i fotballen. Ho stiller alltid opp for å gje råd, løyse opp i ei floke eller berre ein god prat. Ein person mange set pris på og som vil garantert gratulere ho med denne heidersprisen.

Pris: Innramma diplom frå NFF + kr.5.000,-

Sogndal Fotball gratulerer og takkar Margrete for den flotte innsatsen ho legg ned i klubben.

MS
Annonse fra Obos-ligaen: