Gratulerer Ole Amund

Ole Amund Sveen blei søndag tildelt årets MOT-pris under NISO awards i Oslo.

Søndag mottok Ole Amund Sveen årtes MOT-pris under NISO awards i Oslo. Han hadde diverre ikkje anledning til å møte, men sende inn ein videohelsing der han takka for prisen.



- Tusen takk for at de har stemt meg fram til denne prisen, den heng utruleg høgt - spesielt når det er de spelarar som har stemt meg fram. Det har vore ein tung sesong med mykje skadar og operasjonar. Eg vil takka lagkameratane mine og heile fotballnoreg som har støtta meg i ein tøff skadeperiode, seier Sveen.

Kriteriane for å vinna MOT-prisen er at den skal gå til ein spelar som er bevisst si rolle som førebilete for born og unge, bryr seg om medspelarane sine og viser respekt for både dommar og motspelarar. Det er spelarane frå Eliteserien og Toppserien som sjølv avgjer kven som stikk av med den gjeve prisen.

Me gratulerer Ole Amund Sveen og Ingrid Buer Søndenå frå Vålerenga som mottok denne prisen i år.

Annonse fra Obos-ligaen: