Grillfest med Tine Fotballskule

Tusen takk for ei flott veke i lag!

Torsdag var det duka for siste dag av Tine Fotballskule for 2018.

Her stod blant anna turneringsspel og grilling på agendaen, i tillegg til at A-lagsspelarane dukka opp for å skrive autografar og slå av ein prat med deltakarane. 

Her er nokre bilete frå grillinga (Foto: Rune Sjøberg)

Heile veka har vore prega av god innsats og framifrå oppførsel frå deltakarane, noko som og var hovedfokuset for fotballskulen i år. Det blei og utdelt flotte diplomar og ein kampbillett til søndagens "lokaloppgjer" mellom Sogndal og Florø.

Me takkar alle deltakarar, foreldre og instruktørar som bidrog til å gjere denne veka til ei fin oppleving. Me sjåast på søndag!

 Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: