Halldor Stenevik er klar for Sogndal

Godset-spelaren kjem på lån ut sesongen

Sogndal Fotball og Strømsgodset IF er samde om ein utlånsavtale på Halldor Østervold Stenevik, f. 2/2 2000. Lånet er av typen Nasjonal utlånsordning og går ut sesongen 2019.

Halldor er klar til innsats i kvitedrakta!
Halldor er klar til innsats i kvitedrakta!

Halldor er ein rask, driblesterk og spennande midtbanespelar som starta fotballivet i Selbjørn IL på Austevoll. Han gjekk til Fyllingsdalen, og var der til han gjekk til Brann som 15-åring. Han var 16 då han skreiv sin første proffkontrakt med raudtrøyene, ein kontrakt som gjekk ut sesongen 2018. I løpet av tida i Brann var han på utlån til Nest-Sotra. Han vart lagkamerat med Johan Hove i Godset før årets sesong.

Halldor spelte med det norske flagget på brystet under EM for G19 i sommar. Han står med heile 46 aldersbestemte landskampar.

- Dette er ein spelar me har fulgt over tid, og ein me kjenner godt frå tidlegare, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Det er veldig kjekt at ein så bra fotballspelar kjem til oss, og eg er trygg på at han vil passa godt inn i gruppa. Halldor kan bli ein viktig spelar for oss utover hausten, seier Flo.

Stenevik kom hit i går kveld, og hadde sin første treningsøkt med karane på Fosshaugane i dag.

- Eg håpar på ein del speletid her i Sogndal, seier Halldor.

- Eg håpar eg kan bidra med å hjelpa laget slik at me tek nok poeng til å vera med og kniva i toppen av ligaen, legg han til.

Han har et godt inntrykk av Sogndal så langt.

- Ja, eg kjenner klubben litt frå før. Det er ein fin klubb, bra for utvikling av unge spelarar. Eg ser fram til å vera her og trur dette blir ein kjekke haust, avsluttar Halldor.

Velkomen til Sogndal, Halldor!

Annonse fra Obos-ligaen: