Hallén med store ambisjonar for Campus

Stormøte for leigetakarar på Fosshaugane Campus.

Torsdag 12.januar 2017 inviterte Sogndal Fotball AS til stormøte for leigetakarar på Fosshaugane Campus.

Yngve Hallén innleia samlinga med informasjon om Fosshaugane Campus, planar og nye løft for området. Visjonen for Fosshaugane Campus er at det skal vera ein arena for samspel og gjennom si kraft skape det best integrerte komptansemiljøet i Noreg. Dette blir viktig å ha med seg når ein skal utvikla vidare. For utvikling er det, både med nye bygg, fagmiljø og visuelt. 

Neste innleiar var interiørarkitekt Hanne Nygård-Bøe. Fosshaugane Campus er prega av mangfald; mange leigetakarar med ulike kompetanse- og interessefelt. Korleis kan ein skape ein visuell identitet i dette landskapet der alle kan kjenne på eigarskap?  Hanne prata om å utvikle det visuelle innhaldet i bygningane med tanke på å auke trivsel, skape arbeidsglede og entusiasme, ivareta menneskelege ressursar og fremje arbeidsplassen med tanke på rekruttering. Dette kan igjen nyttast i omdømebygging og styrking av merkevara. Ho viste til fleire døme på suksesshistoriar i forhold til visuelle løft. Identitet og historie til verksemdene er nokre av verkemidla når slike prosjekt skal utformast.

Tone K. M. Kvåle Norconsult.jpg
Tone K. M. Kvåle frå Norconsult

Norconsult og Innovasjon Noreg er to nye leigetakarar på Fosshaugane Campus. Tone M Kvåle, Norconsult, og Rune Fromeide, Innovasjon Noreg, presenterte sine verksemder for dei andre leigetakarane. 1 oktober kjem dei til Fosshaugane Campus med henhaldsvis 23 og 14 tilsette. Desse vil flytte inn i det nye Innovasjonsbygget.

Rune Fromreide Innovasjon Norge.jpg
Rune Fromreide frå Innovasjon Norge

Rasmus Mo avslutta samlinga med ein peptalk om samhandling, gjere kvarandre gode og byggje på grunnsteinen i fagmiljøet på Fosshaugane; kompetanse.

Annonse fra Obos-ligaen: