Hatle gir seg på topp

Feira finalesiger i sin siste kamp som trenar for Gullgutta

Då sluttsignalet gjekk på Telenor Arena sist laurdag, var det óg slutt for Håvard Hatle som trenar for Sogndal 2/G19.

- For å gjera ein god jobb for denne fantastiske gjengen må ein vera 100 prosent til stades. Det kan ikkje eg vera neste år på grunn av min sivile jobb. Då er det best at andre tek dette vidare, seier Håvard.

4Q3A0846
Håvard Hatle med gutane sine etter at cupgullet blei sikra (Foto: Kristian Helle)

Sogndal 2 og G19 har så langt levert ein formidabel sesong. Gutane til Hatle kom på ein sterk 9. plass i eit tøft seriespel i 3. divisjon. Då møtte unggutane tøff motstand i vaksne karar, og det er ingen tvil om at denne sesongen har herda spelarane. Sist laurdag var gjengen hans i den største testen så langt: Finale i NM for G19 - og alle veit korleis det gjekk.

Hatle dreg fram at det er eit Lag med stor L, og at det er vemodig at det no er slutt, for denne gong.

Her er Håvard etter at cupgullet vart sikra i Telenor Arena.




Me takkar Håvard Hatle for stor innsats i årets sesong! 

Me har allereie ein arvtakar på plass: Nils Tore Krosshaug blir den nye trenaren for Sogndal 2/G19. Han blir med til Göteborg til helga, og då kjem me med ein nærare presentasjon av han.

Annonse fra Obos-ligaen: