Heile Noreg ryddar

Torsdag 3. mai er det nasjonal ryddedag - me er med, er du?

Torsdag 3. mai 2018: Heile Sogn og Fjordane ryddar

Bli med på den store ryddeaksjonen torsdag 3. mai. NRK Sogn og Fjordane og fleire av lokalavisene i fylket inviterer alle til å delta. Dette er ein del av den landsomfattande aksjonen "Heile Norge ryddar!"

Sogndal Fotball bretter opp ermane og er med på dette flotte tiltaket.

Me tek ansvar for å rydde området i nærleiken av Fosshaugane Campus.

Informasjon henta frå NRK sine sider:

Vi går langs fortaua, i nabolaget, på turstiane, i barnehagen og rundt skulen. Vi plukkar plast, glas, papp og papir – og sørger for at Sogn og Fjordane skin i mai.

Årets aksjon skjer i samarbeid med "Hold Norge Rent". Dei arrangerer samtidig si nasjonale strandryddeveke, så dersom du ønskjer å rydde på ei strand, langs elvar og fjordar, eller rundt vatn oppfordrar vi deg i tillegg å registrere deg her: https://holdnorgerent.no/ryddeportalen/

Vi utfordrar enkeltpersonar, skular, barnehagar, idrettslag og korps! Speidarar, firma, politiske parti, burettslag og kommunar!

Alt du treng å gjere er å svare på nokre få spørsmål under slik at vi får ei best mogleg oversikt kor mange som er med. I tillegg vil vi kontakte nokre av dykk for intervju på sjølve dagen.

Meir informasjon om aksjonen kjem i lokalavisa di eller på NRK Sogn og Fjordane sine radiosendinger på P1 og på nrk.no/sfj.

Hugs: "Ingen kan ta alt - alle kan ta litt". Ei rydderunde i lunsjen kan vere nok.

Bli med du også!
Alle distriktskontora til NRK er med på ryddedugnaden torsdag 3. mai. Du kan sjølvsagt, på eige initiativ rydde når og kor du vil.

Vel du å rydde under NRK sin aksjon, så er det to måtar å gjere dette på, slik at vi er sikre på at ikkje innsamla søppel vert liggjande der det ikkje skal.

Rydding i strandsona vert gjort i samarbeid med aksjonen til den ideelle foreininga Hold Norge Rent. Portalen deira finn du her. Der kan du bli med på aksjonar som allereie er planlagde eller opprette ein sjølv dersom du ønskjer å rydde på ei strand, ved ei elv eller rundt vatn og innsjøar.

Du kan også velje å rydde lokalt der du er. Då må du anten leggje boset i din eigen bosstamp, eller du kan levere på den miljøstasjonen du høyrer til når dei har ope.

Her er meir info og påmeldingsskjema for å melde på ditt arrangement
Bli med på å rydde Sogn og Fjordane

NB! Vi vil også gjerne vite om alle ryddeaksjonar som skjer torsdag 3. mai. Stort eller smått! Send nokre linjer på e-post til [email protected].

Har du plukka boss og plast? Merk bileta dine på sosiale medium med #nrksf og #nrkplast.

Annonse fra Obos-ligaen: