Historisk kveld

Europacup på Fosshaugane

I dag er det eit historisk sus over den vakre bygda vår. Vêrgudane er med på laget med knallblå oktoberhimmel og gode solstråler.

Og ikkje minst: I dag skal me heisa UEFA sitt flagg på Fosshaugane. På dagens kampball står det UEFA Champions League - Official Matchball. Det vil vera internasjonale fanfarer før kampstart og alt er litt meir høgtideleg på Fosshaugane i dag.

Dette er stort, og det er utruleg kjekt at me i Sogndal for oppleva dette. Me kan takka den fantastiske gjengen som skal utpå matta i kveld. Møt opp og støtt dei i kampen!

Toppspelarutviklar Rune Bolseth går ein spennande kveld i møte.


Grunnlaget for at me skal spela Europacup vart lagt i fjor då G19-laget vårt tok heim sigeren både i NM og i Skandinavisk Meisterskap.

UEFA Youth League sin første runde for playofflaga er i gong, me tek i mot våre nye vener frå Espoo i Finland, FC Honka.

Finnane kom til Sogndal i går etter ein flott tur med fly til Oslo og buss over fjellet. Dei gjennomførte ei lett økt på Fosshaugane i går kveld. I morges har nokre av dei vore på joggetur i Saftbygda. Som oss eir dei med på dette sirkuset for første gong.

Dagleg leiar Rasmus Mo gler seg veldig til kamp i kveld!


Våre gutar har ein spennande dag i vente. I mange månadar har me gått og venta og gledd oss til denne kampen, me ser veldig fram til festen i kveld!

Gutane er klare til dyst! Det er ein god og samansveisa gjeng med dyktige folk i apparatet rundt. Sjefen sjølv, Nils Tore Krosshaug, er spent før avspark.

- Det viktigaste i kveld er at me tør å vera oss sjølve og spela på det me er gode på. Og så skal me ha det kjekt utpå der!


Me ynskjer at mange tek turen og er med på denne historiske kvelden i lag med oss! Det er ikkje kvardagskost at me skal spela Europacup i kvitedrakta på Fosshaugane! Det hadde vore voldsomt kjekt med mange folk på tribuna i Svart og Kvitt, som med utestemma hjelper det fantastiske G19-laget vårt vidare på den smått utrulege ferden dei er på.


Kom på kamp!!

1. runde i UEFA Youth League
Sogndal - FC Honka (FIN)
Fosshaugane, Campus Sogndal
Avspark er kl. 18:30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: