Hjelp karane vidare i Europa!

Bli med som vår tolvte mann mot FC Sheriff, kjøp billetten din her!

Neste onsdag brakar det skikkeleg laust på Fosshaugane Campus!

G19-laget vårt tek i mot FC Sheriff frå Tiraspol i Moldova til returkamp i 2. runde av UEFA Youth League.

Kjøp billetten her

Utgangspunktet er enkelt - me må vinna og  me må skåra eindel mål.

Sheriffane frå det gamle Sovjet ga gutane våre ein leksjon i austeuropeisk kynisme då me møtte dei i Moldova. No skal dei få smaka på eit kaldt Fosshaugane i slutten av november, med Dalatrekken og blå grader, kunstgras og ein stadion i Svart og Kvitt som løftar karane opp og fram - slik me såg mot FC Honka.

Me skal ta dei, dette kan bli ein legendarisk kveld i Sogndal.

Gevinsten? Tek me oss vidare er det ikkje berre ein stor bragd som vil smella godt i heile landet, me skal óg opp mot ein av dei aller største kanonane i Europa. Kor tøft hadde det ikkje vore med Sogndal vs. Barcelona eller Liverpool eller Bayern München?

Sheriff vann 2-0 i Tiraspol. Med 3-0 er me vidare, eller 4-1, 5-2. Me må kort sagt vinna med tre mål. Er det 2-0 etter ekstraomganger, blir det straffesparkkonkurranse.

Litt info om billettane:
Kun Sognekraft-tribuna og Lerum-tribuna open til denne kampen
Billettpris:
Kr. 100,- på Sognekraft-tribuna (gjeld både barn og vaksne)
Kr. 50,- Felt P og Q på Lerum-tribuna (gjeld både barn og vaksne)

UEFA Youth League, 2. runde - kamp 2
Sogndal - FC Sheriff
Fosshaugane Campus
Onsdag 27/11 klokka 18:00

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: