Holen Installasjon er med på laget vidare!

Ny samarbeidsavtale er signert

Holen Installasjon forlengar med Sogndal Fotball 

Holen Installasjon og Sogndal Fotball har i mange år hatt eit godt samarbeid.

Og når me no nærmar oss slutten av året 2019, er det difor veldig kjekt for oss å kunne annonsere at me signerar ein ny avtale, som strekk seg ut sesongen 2021. Me er veldig glade for at Holen Installasjon blir med oss vidare seier Terje Teigen i Sogndal Fotball.

Agnar Holen og Eirik Bakke har kjent kvarandre lenge, og har begge vakse opp i Sogndal.

Dei er i dag leiarar på kvart sitt lag. Eirik for «fotball-flaggskipet» i fylket, og Agnar for ei av Sogn & Fjordane sine største elektroentreprenørbedrifter.

Me kan og informera om at desse 2 karane tilsaman har spelt over 120 A-lagskampar for Sogndal Fotball. Og at ein av dei faktisk er norgesmeistar, og har vore med landslaget både i EM og VM. So kan de gjerne skrive i kommentarfeltet korleis de trur fordelingen er.

Holen Installasjon ynskjer med dette å bidra til at Sogndal i framtida framleis har eit lag i norsk toppfotball, og håpar med dette å gi eit signal til bedrifter og folk om at det er viktig å vera ein god støttespelar i regionen, både i opp- og nedturar.

Sogndal Fotball takkar for tilliten.

Agnar og Eirik
Agnar Holen og Eirik Bakke

 

Annonse fra Obos-ligaen: