Idrettssenteret blir ein del av Spenst

Skal bli betre på kundepleie og -kommunikasjon.

Frå juni blir Idrettssenteret i Sogndal ein del av den nasjonale treningskjeda Spenst.

Spenst styrker seg med dette som den desidert største treningssenter-leverandøren i Sogn og Fjordane. Kjedeinnlemmelsen blir ein realitet i juni.

Med fem sentre i Sogn og Fjordane: Spenst Førde, Spenst Florø, Spenst Sandane, Spenst Sogndal på Fosshaugane Campus og Spenst Sogndal avdeling Kulturhuset, blir Spenst ein dominerande folkehelseaktør i fylket, seier dagleg leiar Kolbjørn Rydvang ved Idrettssenteret.

Geir Arne Nilssen, Spenst Florø og Kent Roger Engdal, Spenst Førde i lag med Kolbjørn.
Geir Arne Nilssen, Spenst Florø og Kent Roger Engdal, Spenst Førde i lag med Kolbjørn.

Først ut som Spenst i Sogndal blir senteret på Fosshaugane Campus. Det skjer i juni, og der vil óg hovudkontoret for Sogndal vera. Avdelinga på Kulturhuset skal stå klart i august.

- Hovudgrunnen er at me ønskjer å stå fram betre når det gjeld kundepleie og kundekommunikasjon. Me har vore gode på ein del ting, med gode fasilitetar og kompetente tilsette med sin treningslære, men som eit enkeltståande senter har me hatt våre avgrensingar, forklarar dagleg leiar i Idrettssenteret, Kolbjørn Rydvang til Sogn Avis.

- Me har framleis full råderett sjølve. Sogndal Fotball står som eigar, og det juridiske firmanamnet er Idrettssenteret AS. Det vil bli lokalt drive, og det er lite krav frå Spenst, utanom basisting som resepsjon, bemanning og gruppetreningsalar, seier Rydvang til avisa.

Hovudsenteret blir eit fullsortimentsenter, medan avdeling Kulturhuset blir bemanna med PT – og skal tilby ein kombinasjon av lavterskeltrening og performance-senter med eigen sal til gruppetrening, mindre grupper og eigentrening.

- Når du skal ned i Fjøra for å kjøpa brød på Meny, kan du leggja turen innom Kulturhuset og ta ei trenigsøkt i same slengen, seier Kolbjørn.

Sogndal Fotball står fortsatt som eigar for avdelingane her i Sogndal.

Les meir i Sogn Avis: Idrettssenteret er historie - går inn i nasjonal kjede

Les meir i Porten: Spenstige planar for Idrettsenteret i Sogndal – blir ein del av nasjonal kjede

IMG_1634

Annonse fra Obos-ligaen: