Jentene vil ha deg med!

Sogndal Damelag treng fleire folk

Eit nytt skuleår har nyleg starta opp, og Damelaget er i gong med ein spennande haustsesong.

Du er kanskje ny i Saftbygda og studerar på høgskulen eller på vidaregåande. Er du interessert i å vere med i eit ungt og spennande miljø med godt samhold, er du velkomen til oss på Sogndal Damelag!

Me har bruk for deg, anten du spelar fotball, har ambisjonar som trenar eller vil bidra på andre måtar. 

Om dette er noko for deg, ta kontakt med trenar [email protected] - me vil ha deg med på laget!

Her er nokre bilete frå gårsdagens trening i Sognahallen.

I kveld spelar Damelaget mot Sandane på Kvåle. Møt opp og støtt dei i kampen om tre poeng!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: