Lovande Hove

Johan Hove fekk i 2017 sin startdebut i Eliteserien. Han er ein spanande, lokal spelar. Les meir om han her:

Johan har vore i Sogndal og i klubben sidan han starta med fotball. Han har gått alle gradene fram til A-laget og vore innom Sogndalsakademiet. Reisa hans gjennom Sogndalssystemet har så lang vore fin og fotball er framleis kjekt. Johan Hove har ein imponerande fotball-CV til å vera så ung.

Du er jo fylkesspelar. Har du tankar om kva som er skilnaden på å koma utanfrå kontra å vere frå fylket?


Eg veit jo ikkje korleis det er å koma frå ein annan plass. Men merkar at eg er frå fylket. Kanskje kjenner eg plassane og klubben betre enn dei som kjem utanfrå. Eg kjenner jo fort åtte av ti som eg møter i Fjøra også. Ute på gata så er det kjekt å vera lokal fotballspelar, absolutt.

Johan Hove OddH 2017 Foto - Rune Sjøberg (4)
Fyrste kamp frå start i den kvite trøya. Heime mot Odd i 2017. Foto: Rune Sjøberg


Førre veke var det Tine Fotballskule her på Campus. Me snakka der om viktigheita av å få heltar i eiga bygd. Har du hatt nokre heltar oppgjennom?

Det har aldri vore ein spesiell helt frå Sogndal. Likevel hugsar eg godt Even Hovland når han var i Sogndal, då tykte eg han var veldig god.


Har du nokre råd til yngre spelarar som vil nå langt?

Fyrst og fremst er det viktig å kosa seg med fotballen og ha ein god dose tolmod. Når du kjem opp i 11-12 års alder må du ta eit val; vil du driva med fotball for moro eller for alvor? Å velja fotballspelar på høgare nivå krev mykje jobb. Du må rett og slett vilja det.


Må ein ofra mykje på vegen?


Ein treng ikkje ofra så mykje, men ein må gje mykje, seier Hove. Så er det opp til deg kor mykje du har å gje, og kor mykje tid du vil bruka på andre ting.


Det er oppturar og nedturar i fotballen. Eg er ikkje ferdig utlærd eg heller. Det er utruleg kjekt når det går bra, ei viktig drivkraft for å halde fram.


Fortel litt om landslaget og erfaringar der


Det har vore ei god oppleving heile vegen. Eg har 33 landskampar no, så det byrjar å bli ein del. Å spela internasjonal fotball er utruleg kjekt. Den norske drakta, ja, eg tek det kanskje litt for gitt no, men i starten var det veldig stort. Det er ein motivasjon for meg å vera med på slikt, og det bør det vera for andre også.

johan_hove_foto_thomas_brekke_saeteren
Johan i den norske drakta. Foto: Thomas Brekke Sæteren


Kva er det beste minne på fotballbana så langt?


Det var andre landskampen min mot Sverige. Då spelte eg ein veldig god kamp og me vann kampen. Fyrste sigeren med landslaget, veldig kjekt, og eg hugsa det i lang tid etterpå.

Johan Hove

  • Alder: 16

  • Vaks opp: Sogndal

  • Posisjon: Midtbane

  • Kampar for Sogndal: 4

  • Draktnummer: 28

Annonse fra Obos-ligaen: