Johan og Per Magnus ut 2020

Nye avtalar for Hove og Steiring

Sogndal Fotball har fornya sine avtalar med Johan Hove (f. 7/9-2000) og Per Magnus Steiring (f. 7/2-1997). Begge sine nye avtalar går no ut sesongen 2020.

- Me er veldig glade for at Johan og Per Magnus blir med oss vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Dette er to unge, svoltne gutar som vil opp og fram, og me ser fram til å vera ein del av deira karriereløp vidare.

Johan er sogndøl, og Sogndal har alltid vore klubben hans. Det er få som har brukt so mykje tid på Campus og i Sognahallen som Johan dei siste åra. Midtbanespelaren har so langt 20 A-lagskampar for Sogndal og 35 kampar for aldersbestemte landslag. Johan var den første spelaren fødd på 2000-talet som spelte i landets øvste divisjon.

Per Magnus Steiring HaugesundB 2017 Foto - Rune Sjøberg (2)
Per Magnus ragar oftast høgst - her mot Haugesund.

Per Magnus er frå Fauske i Nordland, og kom til Sogndal før sesongen 2017. Han har vist seg fram som ein hardtarbeidande og ambisiøs midtstoppar som set store krav til seg sjølv og lagkameratane. Den lojale karen er eit leiaremne og har allereie markert seg både i kamp og på trening. Han er ein som står opp når det gjeld. Per Magnus har spelt 28 A-lagskampar for Sogndal, og har ei fortid i Rosenborg og Viking (lån frå RBK). Han har spelt 30 kampar med det norske flagget på brystet.

Sogndal Fotball ser fram til tre nye år i lag med desse to flotte gutane!

Annonse fra Obos-ligaen: