Jon Arild takkar for seg

Sluttar som trenar på Sogndal 2 - blir førdianar

Jølstringen Jon Arild Halland har pakka flyttelasset og reist til Sunnfjord.


På torsdag hadde han sin siste dag med gutane på Sogndal 2 under cupkampen mot Molde. Denne veka startar han i ny jobb som lærar i Førde på Hafstad Vidaregåande Skule.

Jon Arild kom til klubben som assistenttrenar då Marius Bøe hadde Sogndal 2 for fire sesongar sidan, og vart fort ein veldig viktig mann i Sogndal Fotball sin utviklingsavdeling.

- Den jobben Jon Arild har gjort som eit bindeledd mellom klubb og skule har vore fantastisk. Han har gjort det mogleg for våre unge fotballspelarar å kombinera toppidrett og utdanning. Han har hatt ein tett og god dialog med spelarane sine lærarar i det daglege, sier toppspelarutviklar Marius Bøe.

Halland hadde ansvaret for den fysiske treninga i Sogndal 2.

- Han har løfta den fysiske treninga opp til eit heilt nytt nivå. Det vil merkast at han ikkje er med oss meir, seier Marius.

Etter to år som assistenttrenar tok Halland over som hovudtrenar for Sogndal 2 i 2016.

- Denne jobben gjorde han óg glimrande. Han hadde vore ein viktig sparringpartner for meg i både trening og kamp, og me visste at han ville dra det vidare som hovudtrenar.

I intervjuet over fortel Jon Arild om kor mykje planarbeid som gjerast før kvar trening. Marius omtalar kollegaen som ein perfeksjonist.

- Halland er ein veldig strukturert person som vil ha kvalitet. Han leverar alltid høg kvalitet på jobben han gjer.

Me mistar ein høgt respektert og godt likt fotballmann no når Halland reiser vidare.

Sogndal Fotball takkar Jon Arild for fire flotte år i klubben, og ynskjer han mykje lukke til vidare i Førde.


Annonse fra Obos-ligaen: