Kasper - den danske drengen

Bli litt betre kjend med Kasper Nissen

Danske Kasper kom frå ein klubb i heimlandet som heiter Esbjerg. Han kom han til Noreg for å vise fram namnet sitt, det var ingen som visste kven han var i dette landet. Her byrja han å spele for Nest/Sotra i 2.divisjon, og scora 18 mål for dei. Det førte til at han vart kåra til 2.divisjon sin beste spelar. Dette gav han nye moglegheiter.

Korleis har tida vore i Sogndal?


Nei, eg fekk trena med laget fyrste månaden, og det var kjempefint. God trening, og eg fekk venje meg til tempoet. Så fekk eg diverre ein skade i kneet, så det var veldig kjipt. No er det opptrening som gjeld, det er berre å henge i, seier Kasper.

Kasper NIssen Trening 10.januar Foto - Toril Walker Norheim (1)
Trening i Sognahallen 10.januar 2017. Foto: Toril Walker Norheim

Kva gjer du på, utanom trening og fotball?


Det er ikkje så mykje å gjere, Sogndal er ikkje akkurat den største plassen. Eg er saman med gutane etter trening. Ellers går det i ein del i FIFA.

Kasper Nissen FlorøH Trening 2017 Foto - Toril Walker Norheim (1)
Treningskamp mot Florø 2017 - Foto: Toril Walker Norheim

Som person er Kasper utadvendt og open. Han likar godt «jokes». På bana er han nokså alvorleg. Det blir som to ulike sider av same person.

Kasper Nissen

  • Alder: 20 år

  • Vaks opp i: Esbjerg

  • Posisjon: Angrep

  • Kampar for Sogndal: 0

  • Draktnummer: 25

Annonse fra Obos-ligaen: