Kjekt med Grendacup!

Flott dag med fotball og glade ungar i Sognahallen

Grendacupen 2017 gjekk av stabelen i dag med godt over 100 fotballglade ungar frå dei ulike grendene her i Sogndal.

Grendacupen såg dagens lys i 1978, og det var Svein Bakke som drog i gong denne romjulsturneringa med Sparebanken og Sogndal Fotball som arrangørar.

Turneringa låg i dvale nokre år, men i 2015 tok Svein tak i dette som eit av hans siste prosjekt. Han fekk som kjent diverre ikkje vera med under gjennomføringa, men cupen er komen for å bli.

I år satt sonen Eirik i sekretariatet, og han har mange gode minner frå dei fire gongane han fekk delta. 

- Me vann finalen det siste året eg var med, fortel Eirik stolt. 

- Det var ingen ringare enn Helge Monsen som vart matchvinnar, gliser Eirik.

Årets turnering hadde over 100 deltakarar fordelt på 18 lag, der laga kunne stilla med seks spelarar på bana. Kvar kamp varte i 13 minutt.

- Det viktigaste er det sosiale, at grendene kjempar mot kvarandre, og at me har det kjekt i lag, seier Geir Inge Heggestad.

Og kjekt har det vore for alle i hallen i dag, både spelarar og heiagjeng.

Til slutt gjekk finalane, der jentene var først ut.

I bronsefinalen vann Kaupanger Max 8-0 mot Navarsete Mix, og i finalen slo Kvåle Mix Kaupanger United med 2-1.

I bronsefinalen for gutar slo Leite Mix Kaupanger Mix med 6-4. I finalen var det beinhardt nabooppgjer i Kvålegrenda. Kvåle Mix drog det lengste strået og slo Kvåle Max med 5-1.

Me gler oss allereie til Grendacupen 2018 - Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: