Kjekt på Hafslo

MOT Sogndal og Sogndal Fotball på nytt skulebesøk

MOT Sogndal sine flotte ambassadørar Vebjørn Abelsen Vik og Tonje Kalvatn Øvretun tok i går turen til Hafslo barne- og ungdomsskule i lag med Per Magnus Steiring, Sigurd Haugen og Rasmus Mo frå Sogndal Fotball.

Me har i mange år hatt eit tett samarbeid med MOT, som gjer ein fantastisk jobb her i Sogn.

- Det er kjempekjekt å vera rundt på skulane og få treffa so mange kjekke folk, fortel Per Magnus. 

Omdømeleiar i klubben, Rasmus Mo, var eit stort smil under heile besøket.

- Me ynskjer å vere tilstade ute i fylket og at ungdommane skal skape ein relasjon til Sogndal Fotball og MOT. Det er viktig for oss å vere synlege, og det er so kjekt å få møta so mykje fin ungdom, seier Rasmus.

Skulebesøka har som formål å formidle gode verdiar til ungdommane, og sette ord på kva som må til å verte toppidrettsutøvar.

- Det å få koma ut slik å helsa på ungdomane i området er utruleg artig, seier ein smilande Sigurd.

Elevane fekk ta selfiar med spelarane og fekk autografane deira, før me gjekk og ut avslutta med fotballkamp på det flotte kunstgrasdekket dei har på Hafslo.

Luster er kommuneprosjekt
På søndag spelar me heime mot Notodden. I samband med dette inviterar Sogndal Fotball og samarbeidspartnarar til gratis kampoppleving for alle innbyggjarane i Luster Kommune.

Billettane er sponsa av Spar, Gaupne Bilsenter, Vest Asfaltfresing, Luster Sparebank og Luster Kommune.

Bruk promokoden LUSTER, for å bestille dine gratis billettar (gitt at ein bur i Luster). Bestill kampbillettar her

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: