Kjetil til Elverum

Keeperen er på utlån ut sesongen

Sogndal Fotball og Elverum Fotball er samde om ein utlånsavtale på keeper Kjetil Haug ut sesongen 2018. Han har allereie slutta seg til laget som for tida ligg på ein tredje plass i PostNord-ligaen. 

- Kjetil reiser no austover for å få verdifull speletid i eit opprykksjagande Elverum, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Me kjenner Elverum godt frå tidlegare utlån, og føler oss sikre på at Kjetil får ein god og lærerik periode hjå dei.

Kjetil kom til oss i vinter, og har so langt spelt to offisielle A-kampar. Desse var i NM. Han har spelt fire kampar for Sogndal 2.

- Kjetil er ein strålande gut med framtida si her i Sogndal. No skal han få god kamptrening, og me ser fram til at han kjem tilbake til oss etter sesongslutt, avsluttar Håvard Flo.

Les også om Kjetil på Elverum sine heimesider

Annonse fra Obos-ligaen: