Kjetil til Enga på lån

Blir i Oslo ut juli

Sogndal Fotball og Vålerenga er samde om ein utlånsavtale for vår keeper Christian Kjetil Haug. Avtalen går fram til og med 31/7 2019, og Kjetil er allereie på plass i Oslo.

- I Vålerenga får Kjetil nye utfordringar og erfaringar som han kan ta med seg vidare når han kjem tilbake til oss i august, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Overgangsvindauget er stengt, men det er komen ein ny regel for spelarar i alderen 18-22 år som gjer denne utlånsavtalen mogleg. Les meir om dette her.

Me ynskjer Kjetil mykje lukke til i Vålerenga, og ser fram til når han kjem tilbake til oss i august!

Annonse fra Obos-ligaen: