Kjetil, Tomas og Ulrik på U21-landslaget

Mer er godt representert på det nye U21-landslaget!

I dag kom uttaket til det nye U21-landslaget, og på blokka hadde trenar Leif Gunnar Smerud tre spelarar frå Sogndal.

- Dette er oppstart med nytt lag. Me har med oss nokon som har vore med tidlegare, men også ein del nye namn. Det handlar om å bli kjent med disse spelarane. Det er eit veldig fint høve til å gjera det på La Manga, seier Smerud til NFF sine heimesider, fotball.no.

Ulrik Fredriksen vart kalla inn sist U21 var samla i Drammen. No skal dei til La Manga, og der skal dei spela treningskamp mot Tyrkia.

For Tomas Totland kom uttaket som ei gledeleg overrasking.
- Dette var kjekt, eg trudde ikkje eg skulle stå på blokka allereie no!
Tomas har sett ein del kampar frå innbytarbenken i år, men den siste tida har han fått mykje speletid på Sogndal sin venstreback, og han har gjort det veldig bra. Det er veldig kjekt at han no er med i U21-troppen.

Kjetil Haug har returnert til Sogndal etter eit vellukka låneopphald i Elverum, og no som Sondre Rossbach og Per Kristian Bråtveit har gjort jobben på U21, låg det litt i korta at Kjetil er ein av dei nye keepertalenta keepertrenar Terje Skjeldestad skal ha med seg på landslaget.

Dette er troppen:
Kjetil Haug - Sogndal (Elverum)
Julian Faye Lund - Levanger
Leo Skiri Østigård - Brighton
Ulrik Fredriksen - Sogndal
Fredrik Andre Bjørkan - Bodø/Glimt
William Sælid Sell - Mjøndalen
Birk Risa - Odd
Nico Mickelson - HamKam
Gaute Høberg Vetti - Sarpsborg 08
Tobias B. Børkeeiet - Stabæk
John Hou Sæter - Stabæk
Hugo Vetlesen - Stabæk
Felix Horn Myhre - Vålerenga
Tomas Totland - Sogndal
Tobias Heintz - Sarpsborg 08
Tobias Svendsen - FK Haugesund
Eman Markovic - HSK Zrinjski Mostar
Magnus Retsius Grødem - Vålerenga
Andreas Helmersen - Ranheim
Dennis Johnsen - Ajax
Rafik Zekhnini - Twente
Andreas Hoven - Strømsgodset

Kampen går 21. november klokken 16.00: Tyrkia - Norge på La Manga.

Stao pao, Kjetil, Tomas og Ulrik!!

Annonse fra Obos-ligaen: