Klare til spennande kvalik

På sundag brakar det laust - og me vil ha DEG med som vår tolvte mann!


Ein lang sesong nærmar seg slutten, og me gjer oss klare til siste innspurt.

OBOS-ligaen er ferdigspelt. Viking og Mjøndalen er klare for Eliteserien 2019, og Aalesund, Sogndal, Ull/Kisa og Nest-Sotra skal spela om retten til å møta laget som kjem på 14. plass i Eliteserien. Me har utruleg lyst til å stå att som vinnar 9. desember!

På sundag klokka 16.00 er kvalikspelet i gang: AaFK har heimekamp mot Nest-Sotra, me tek i mot Ull/Kisa på Fosshaugane Campus.

Me har ikkje god statistikk mot Jessheim-laget, og me treng solid støtte frå tribuna for å ta revansje for to triste tap mot dei kyllinggule so langt i sesongen.

KOM PÅ KAMP OG STØTT KARANE!

Sesongkortinnehavarar har gyldig inngang.

Kampbillett, kr 100,- på heile stadion, alle tribunar.

Billett til kampen kan du kjøpa her.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: