Klart for G19-finalen i NM!

Sogndal - Rosenborg, Telenor Arena, Avspark klokka 11.00

Endeleg er den store dagen her! Finalegutta er klare, og me gler oss veldig!

Gutta kom til Oslo i går. Me går til kamp med denne fine troppen:
Kristian Rutlin, Fartein Bøyum, Tomas Totland, Elias Mittet, Adrian Solberg, Eirik Stokkenes, Jonas Fredriksen, Sivert Mannsvark, Tobias Klepp, Eirik Lereng, Eivind Helgesen, Akor Adams, Ulrik Fredriksen, Mathias Sundberg, Mikkel Erlandsen, Anders Nord, Jonas Hilt og Johan Flo

Etter veldig sterke prestasjonar i kvartfinalen mot Odd, mot Viking i semifinalen, og under deltakinga i Skandinavisk meisterkap der me leiar gruppa, er det lov til å håpa på eit smell i Telenor Arena i dag. Gutta har vist at dei har mykje spennande på gang.

Men me skal ikkje vera høge på oss sjølve før finalen. Det er tross alt sjølvaste Rosenborg me skal møta, og dei er store favorittar. Uansett blir det moro!

Er du i Oslo og omegn, ta turen! Det er gratis inngang og Sogndal-supportarar nyttar inngang 17. Me samlast på felt D og E!

Er du heime og neglebitande: Kampen blir sendt direkte på NRK2 og nrk.no!

Me er klare! Stao no pao!!

NM FINALE G19
Sogndal - Rosenborg
Telenor Arena
Avspark klokka 11.00

Annonse fra Obos-ligaen: