Kom på kamp!

No treng me støtta di!

På søndag er me i gong att med OBOS-ligaen etter ein liten pause.

Klokka 18:00 barkar me i hop med Jerv frå Grimstad i runde 27 av årets OBOS-liga.

Me møter våre vener i gult for 6. gong. Det er ikkje til å stikka under ein stol at det som oftast er jamne oppgjer mot sørlendingane. Jerv er eit lag me aldri har tapt mot, men me har heller aldri vunne mot dei. På dei fem kampane har det enda 0-0 tre gonger og 1-1 to gonger.

Me trur det blir eit målkalas og litt av ein fotballfest på søndag. Når statistikken er so peikanda mot eit målfattig oppgjer, endar det nokre gonger med målbonanza. Fotballen er rar slik, difor satsar me på at det blir det tre poeng på karane i Svart og Kvitt etter ein spennande og målrik kamp.

Ta turen og støtt karane når dei skal kjempa om tre viktige poeng!

27. runde i OBOS-ligaen 2019
Sogndal - Jerv
Fosshaugane Campus
Avspark søndag klokka 18:00

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: