Komfortabel siger mot Fjøra

6-1 og vidare til 2. runde i cupen

Det vart ingen cupbombe på Fosshaugane Campus i kveld då Fjøra inviterte storebror Sogndal til cupfest på Fosshaugane Campus.

Alt frå første stund såg ein at det er skilnad på Eliteserien og 3. divisjon, sjølv om Fjøra stod på til siste slutt.

Det var Chidiebere Nwakali som opna skåringsfesten med ein susar som nesten gjekk gjennom garnet bak Fjøra-keeper Håvar Mjelleli. Håvar har faktisk ein cupkamp for Sogndal. I 2015 vokta han buret i 2. runde-kampen mot HanKam på Briskeby. Då gjekk den staute keeperen av bana med clean sheet.

Gilbert Koomson og Bendik Bye auka leiinga til 3-0 til pause.

Etter sidebyte var det Fjøra som skåra først. Bakary Traore la eit flott innlegg til pannebrasken til Mathias Flo. Mathias gjorde ingen feil, og sette ballen bak Tarjei Omenås i Sogndal-målet. Bakary og Mathias er på utlån til Fjøra.

Simen Brekkhus entra bana frå innbytarbenken, og med sitt første spark på ballen punkterte han det lille håpet Fjøra fekk etter reduseringa. Han sette ballen sikkert i nettet bak Mjelleli og 1-4 på måltavla.

Lars Christian Kjemhus klatra til topp på toppskårarlista i cupen med to skåringar slik at sluttresultatet vart 1-6 på Fosshaugane Campus.

Me er med det vidare i cupen, og skal spela 2. runde i slutten av mai.

Les meir om kampen i Sogn Avis

NRK sitt kampreferat

På søndag møter me Lillestrøm til runde 6 av Eliteserien. Kjøp billett her.

Videoen er ikke tilgjengelig.

Annonse fra Obos-ligaen: