Landet rundt med Stao no pao-bussen

Som fotballspelar i Sogndal oppheld ein seg fleire timar i bussetet. Då er det godt me har ein stødig samarbeidspartnar i Nettbuss som fraktar gutane trygt avgarde.

Ein fotballsesong består av like mange bortekampar som heimekampar. Fotballgutane våre har lagt bak seg utallege kilometer i busseta når sesongen er over. Dei vert frakta land og strand av Nettbuss sine stødige og erfarne bussjåførar.

Når me spør spelarane våre kva dei tykkjer om turane, så svarer dei fylgjande:

- Det er få turar eg har teke med buss som er meir behagelege enn dei me har med Nettbuss, og med dei sjåførane her så meiner eg det er topp stemning, seier Bjørn Inge Utvik.

- Dei leverer til punkt og prikke kvar gong, meiner Eirik Birkelund.

Sogndal Fotball sine faste sjåførar heiter Sveinung Stenehjem og Sven Ove Nondal. Dette er typar med lang fartstid i yrket. Sveinung har køyrd spelarbussen sidan 2005. Sven Ove Nondal har sete bak rattet sidan slutten av nittitalet. Nondal har sjølv erfaring frå fotballmatta, og Fjøra var klubben hans i den tid.

11149647_10153297765648678_3644487791644430043_o
Spelarbussen viser att på vegen!

Sogndal Fotball sin bussjåfør - kva består jobben av?

Det er vanleg praksis at me er framme eit døger før kamp. Når me er komne fram så slepp me av spelarane og trenartemaet på overnattingsstaden, før me køyrer ein runde med avlevering av utstyr på kamparenaen. Dag Martin, som er materialansvarleg i klubben, blir då med på ein sikkerheitsrunde og har kontroll på kva som skal leverast og ikkje.

 -    Sogndal Fotball er svært inkluderande med oss sjåførane. Me får vera med rundt troppen på alt dei tek seg til. Som sjåfør er du med på alt. Me hjelper til under trening, er ballgutar og markørar når det trengs, og stiller sjølvsagt alltid i uniform. I tillegg er me med rundt måltida til spelarane, fortel sjåførane.

-   Dei er fæle til å ete, seier Nondal. Fire måltid for dagen. Eg klarar ikkje å halde fylgje.

 -   Fotballspelarar er som folk flest som køyrer buss, det er alltid nokon som legg igjen eigendelar i sete. Det gjer fotballspelarane og. Så rett som det er så må me ut i bussen for å hente saker, og då spelar det lita rolle om klokka er tolv på kvelden. Gutane ringjer oss, også er det å vera med dei ut å henta det, seier sjåførane. 



Å hugse på alt og alle

I treningskvardagen har spelarane våre eit eige «botsystem». Her får dei bøter for attgløyming av utstyr og ein haug med andre småreglar for oppførsel. Om sjåførane hadde innført eit tilsvarande «botsystem» for rot og attgløyming, så hadde dei vorte rike, meiner dei.

Ein gong bussen var på veg til Sandefjord på kamp, så mangla ei heil kasse med sko. To frå klubben køyrde bil nedover for å sjå kamp. Dei var komne omtrent til Borlaugkrysset. Det var berre å snu bilen og få med kassa frå Fodnes. Skoa kom akkurat fram i tide.

Materialansvarleg, Dag Martin, har difor no ei avkryssingsliste som kjem godt med, for å sørgje for at ingenting vert gløymt. Det vere seg utstyr eller folk. Dei reiste jo frå trenaren sin i Haugesund ein gong. I fylgje sjåførane er Dag Martin den einaste dei ikkje har klart å slite ut enno. Han har vore stabil og har full kontroll på det som skjer.

8174714234_71bd55743d_o
Viktig med ein stødig co-pilot.

Siger, tap og stemninga heimatt

Det er ikkje så veldig stor skilnad på stemninga i bussen. Klart spelarane er noko lettare når dei har sigra over motstandarane. - Du ser fortare drøvelen deira etter tap, fortel Nondal. Seigaste er det å reisa ut til Florø viss me tapar, meiner bussjåførane. Noko skuffa blir dei jo, men ingen surmuling. Det går eigentleg fort over. Stoppar me for ein matbit, så er dei på topp att.

IMG_1533
Erfarne sjåførar - Sveinung Stenehjem og Sven Ove Nondal


Æra av å låna spelarbuss

Stabæk gjekk på eit tap mot Sogndal våren 2017.  På grunn av kansellert flyavgang, fekk dei æra av å låna spelarbussen til Sogndal den lange vegen heimatt. Dette er eit godt døme på at spelarbussen vert nytta i andre samanhengar enn bortekampar. Nettbuss er rause og serviceinnstilte i utlån av bussen.

- Nettbuss og Sogndal Fotball har vore stolte samarbeidspartnarar i mange år. Klubben er profesjonell i alt den gjer, det ynskjer me også å vere, seier representant for Nettbuss avd. Sogn.

Spelarbussen er godt profilert, og det er ikkje tvil om kven som er ute på vegen. Den blir ofte fotografert, både av publikum og ridande politi. Når bussen ikkje fraktar fotballspelarar, så er den tilgjengeleg både for vanleg ekspresskøyring og som turbuss. Vil du sitja på med denne kule og komfortable bussen, så kan den leigast. Ynskjer du andre spesialtilpassingar, ikkje nøl med å ta kontakt med Nettbuss.

Nettbuss avd. Sogn og Fjordane:
t: 407 05070
e: [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: