Takk for besøket

Sogndal Fotball fekk ei omvising på Lerum sin nye fabrikk

A-lagspelarane og delar av staben til Sogndal Fotball var onsdag på besøk i nye lokaler på Lerumfabrikken på Kaupanger. Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug fortalde bedrifta si historie og korleis utviklinga har vore dei siste åra.

- Dette var eit svært spennande besøk. Det er interessant å sjå korleis Lerum driv på Kaupanger, høyra historia og få eit betre innsyn i bedrifta, fortel midtbanespelar Eirik Schulze. 

Etter foredrag med Trine fekk me ei omvising på det flotte anlegget der me fekk sjå korleis produkta ble laga. Me fekk og smaka på nokre av produkta, og det var tydeleg at dei falt i god smak hjå både spelarane og staben til Sogndal Fotball.

- Me er godt kjend med Lerum sine produkt og mange av produkta er fast med på spelarfrukosten. Eg er veldig glad i pannekaker saman med Lerums blåbærsyltetøy, fortel angripar Sigurd Haugen. 

- Min favoritt er jordbærsyltetøyet til Lerum, legg Eirik Schulze til.


Sidan 1907 har Lerum produsert kvalitetsprodukt beståande av frukt og bær med ein lokal tilhøyrigheit. Lerum har vore ein trufast samarbeidspartnar sidan slutten av 1970 talet, og i 1981 vart Lerum vår første hovudsponsor.

Fredag 20. september var det offisiell opning av den nye fabrikkdelen på Kaupanger. Tidlegere har produksjonen til Lerum av saft og jus gått føre seg på Kaupanger, medan produksjonen av syltetøy har vore i Sogndal. No er all drift samla på Kaupanger.

Tusen takk for besøket!

Annonse fra Obos-ligaen: