Linni og Thea er klare!

I dag startar J19 EM i Sveits

Klokka 15.00 sparkar dei norske jentene i gong EM for J19. Spania er motstandar og i den norske troppen har me tre jenter frå Sogn og Fjordane: Vår eigen propell Thea Bjelde, Gaular sitt svar på Hope Solo, Linn-Mari Nilsen og Florø-jenta Elise Stenevik.

Sjå presentasjon av heile den norske troppen her

Thea og jentene skal spela alle kampane sine på Niedermatten Stadium i Wohlen, omlag 30 km vest for Zürich.

Sjå Norge - Spania kl. 15.00 direkte her

Elise, Linni og Thea gler seg til EM (Foto: Roger Bjelde)
Elise, Linni og Thea gler seg til EM (Foto: Roger Bjelde)

Thea og Elise har hatt ein god sesong i Bergen. Arna-Bjørnar ligg på ein flott 4. plass i Toppserien, og begge har fått mykje speletid. I mai var dei med på å putte fire ballar bak Linn Mari, då Arna-Bjørnar tok seg vidare i cupen med 4-1 mot Kaupanger.

Les meir på UEFA sine heimesider

Thea og kompani har dette kampprogrammet:

18. juli: 15.00 Spania - Norge, Niedermatten Stadium, Wohlen

21. juli: 15.00 Frankrike - Norge, Niedermatten Stadium, Wohlen

24. juli: 18.15 Sveits - Norge, Niedermattten Stadium, Wohlen

Dei to beste går vidare til semifinale.

Semifinalar: 27. juli
Finale: 30. juli

Me ynskjer jentene masse lukke til!!

(Foto øvst i saka: Trond Tandberg / Getty Images)

Annonse fra Obos-ligaen: