Keepertalent frao Sogndal

I fjor vart han tildelt Ørjan Hopens utviklingspris. Han er ein fylkesspelar med ambisjonar og er oppvaksen nære Campus. Les om Kristian her:

Kristian er fødd i Sogndal, har budd her heile livet og gått gradene i fotballen. Keeper det vart han ganske tidleg. Han vakta buret for smågutar, gutar og Sogndal 2 oppgjennom åra. Han står framleis i mål for Sogndal 2 når dei spelar kampar. Eit opprykk for dette laget til 2.divisjon vil truleg bety mykje for dei unge spelar

Du er jo ein av få fylkesspelarar. Kva betyr det for deg?

Det er veldig kjekt å lukkast når du er fylkesspelar. Me er ikkje så mange. Føler me må bevisa, dei få av oss, at det er mogleg. Ein må ikkje koma utanfrå for å få spela på Sogndal.

Dei unge, lokale ungane kjenner oss kanskje litt betre, enn dei som kjem utanfrå. Det er jo ganske kjekt då.

Kristian Rutlin trening 2017 (2)
Kristian tek sikkerheit på trening på alvor. Foto: Rune Sjøberg

Kven er du; på og utanfor bana?

Utanfor bana er eg ganske roleg og stille. Når eg kjem ut på bana prøver eg å ta steget vekk frå den måten å vera på. Eg prøver å ropa og skrika meir på dei andre og plassera dei, og vera ein leiartype.

Driv du med noko utanom fotballen?

Det er siste året mitt på vidaregåande. Der har eg gått idrettsfag. Elles så bur eg no  på gard. Me driv med epler, og den sesongen startar snart. Så då må eg prøva å hjelpa til med det.

Kva tenkjer du om Fosshaugane Campus?

Eg trur det er ganske unikt det me har her i Sogndal. Det er ikkje så mange andre plassar som har skule, vidaregåande, høgskule, kantine og eit fotballag samla på same plass. Nærleiken på Campus er godt og trygt for oss unge.

Kristian Rutlin AalesundH 2016 Foto - Toril Walker Norheim
Ørjan Hopen Utviklingspris vart i 2016 utdelt til Kristian Rutlin. Foto: Toril Walker Norheim

Har du nokre ambisjonar vidare?

Det er jo sjølvsagt å få spela som fyrstekeeper på A-laget. Kanskje kan eg koma ut på utlån når skulen er ferdig. Dette for å få meir erfaring.

Kristian Rutlin

  • Alder: 18

  • Vaks opp i: Sogndal

  • Posisjon: Keeper

  • Kampar for Sogndal (a-laget) : 1

  • Draktnummer: 21

Annonse fra Obos-ligaen: